For drygt eitt år sidan starta bygginga av Nye Sotrabru. Sjå kor langt vi er komne i denne timelapsen!

Timelapse Nye Sotrabru

Timelapse frå bygging av brutårn på Nye Sotrabru, rv. 555 Sotrasambandet. Video: Sotra Link Construction/Statens vegvesen.

Videoen er frå brutårnet som står i fjæresteinane i Knarrevika på Sotra. Tårnet på denne sida er 85,2 meter høgt. I Drotningsvik, på Bergenssida er tårnet 49,2 meter høgt. Det er nokre meter igjen til tårna når si fulle høgde på 145 meter - det skjer etter planen neste år.

Første i Noreg

Det er ikkje breidda ein tradisjonelt sett er mest oppteken av når ein snakkar om hengebruer. Når brua står ferdig i 2027 blir ho Noregs første firefelts hengebru - med sine 29,5 meter breidde er ho óg Noregs breiaste hengebru.

Klatreforskaling

Brutårna på kvar si side av fjorden har to tårnbein. Tårna står på massive betongfundament støypt direkte mot berg. Det går med cirka 300 kubikkmeter betong i kvart fundament.

Tårnbeina vert bygga i etappar på cirka 4,5 meter. Til brutårnet i Knarrevika blir det brukt ei klatreforskaling. Klatreforskalinga er i dette tilfellet ei form som vert nytta om igjen for kvar etappe. Forma blir flytta oppover ved bruk av ein hydraulisk jekk. Så snart betongen er tilstrekkeleg herda, klatrar forskalinga opp til neste etappe og derav namnet.

Ei stor tårnkran er og på plass som skal følge med brutårnet oppover. Den løftar armering, betong og alt som trengs for å bygge brutårnet. Arbeidet går etter planen, 19 av 33 flytt på tårnet i Knarrevika er gjennomført.

Hengebru på 1,2,3!

  1. Først vert brutårna bygd
  2. Deretter kjem det kablar over brutårna. Samstundes vert det bygd forankringar inne i fjellet som kablane skal henge fast i.
  3. Til slutt kjem brukassen til staden og blir montert i hengestengene. Brukassen kjem sjøvegen og blir heist på plass frå ein lekter. Dette er den siste store brikka i puslespelet og skal skje i løpet av hausten 2026.

Fakta om Nye Sotrabru

  • Brua har eit hovudspenn på 608 meter og ei lengde på 901 meter.
  • Brua blir 29,5 meter brei
  • Fri innseglingshøgde blir på 50 x 300 meter.
  • Brua får fire felt og eigen sykkelveg med fortau.
  • Til samanlikning er eksisterande Sotrabrua i dag 1236 meter lang med eit hovudspenn på 468 meter. Brutårna er 100 meter høge.
  • Det kjem til å gå med om lag 28.000 kubikkmeter med betong for å bygge brua.
  • På grunn av mange køyrefelt, har Nye Sotrabru ein ekstraordinær brei brubjelke, slik at tårnbeina må separerast med stor avstand i mellom.

 

Aktuelt for fylke: Vestland