Det blir nye skilt på E16 mellom Voss og Arna
Dette skiltet er mellom dei som skal skiftast ut på E16 mellom Arna og Voss før vinteren.
Tilbodet for å skifta ut dårlege, skadde og slitne skilt er no opna. To firma vil ha jobben, og summane er eksklusive mva.
Tilbydar | Tilbodssum ekskl. mva: |
---|---|
Sogn vegteneste AS | 1.291.925,00 |
Bergs Maskin AS | 1.443.404,00 |
– No skal vi kvalitetssikra og kontrollrekna på tilboda, og tek sikte på å underteikna kontrakt med entreprenøren snarast mogleg, seier prosjektleiar Sveinung Hovland i Statens vegvesen.
Skiltfornyinga skal vera ferdig innan utgangen av oktober.
Dette er skiltkrava
Alle vegskilt må med jamne mellomrom skiftast ut for å oppfylla dei visuelle krava til synlegheit og refleks. Dette er viktig for trafikktryggleiken og framkommelegheita til dei reisande.
Det kan og vera behov for å flytta eit skilt, eller at vi må oppdatera vegnummer og andre opplysningar.
Statens vegvesen sitt strenge inspeksjons- og vedlikehaldsregime syter for at vi til ei kvar tid har oversikt over skiltstandarden og -tilhøva langs våre vegar.
Dagjobb – i hovudsak
Strekninga som no får nye skilt, er om lag 75 kilometer lang og går frå Arnanipatunnelen til Vangstunnelen.
Når det gjeld trafikkavviklinga i samband med skiltfornyinga, står entreprenøren fritt til sjølv å avgjera kor lange strekningar ein tek om gongen.
Entreprenøren vel også om det skal nyttast lys, trafikkdirigent eller begge delar for å styra trafikken medan dei gamle skilta vert skifta ut.
– Men sjølvsagt må arbeidet nøye planleggast ut frå det komplekse trafikkbildet på og langs E16. Entreprenøren planlegg dette i samråd med Statens vegvesen, som er skiltmyndigheit og godkjenner arbeidsvarslingsplanen, presiserer Hovland.
Sidan jobben ikkje skal gjerast i lange tunnelar, føreset Statens vegvesen at jobben i hovudsak vert gjort på dagtid.
Kontaktinfo:
Sveinung Hovland, telefon 97517080, epost: