Artikkelen er fra 2021, og innholdet kan være utdatert.

Statens vegvesen hevar riksveg 15 gjennom Folven i Oppstryn når NVE flaumsikrar elvane Sunndøla og Hjelledøla.

Elvane har fleire gonger flauma over, spesielt i samband med snøsmelting om våren. Men også skred har medført flaum og påfølgjande stenging av vegstykket som er livsnerve både i bygda og for å koma seg til og frå Strynefjellet.

Trafikken her er gjennomsnittleg på 1250 køyretøy i døgnet, med ein tungbilandel på 21 prosent. Men døgntrafikken varierer sterkt gjennom året. På sommaren er han heilt oppe på 3000, medan han på vinteren er nede på 300.

Riksveg 15, Stryn, flaumskadar
Fra flaumen på riksveg 15 Folven i Oppstryn 1995. No vert flaumsikringa forsterka, og vegen vert heva. Foto: NVE

Slik blir flaumsikringa forsterka

Bakgrunn for flaum- og TS-tiltaket (TS = trafikksikring) var at kommunen kontakta NVE, seier Jan Flore, kommunalsjef teknisk i Stryn kommune.

NVE skal no sikra elvane mot flaum og flaumskred. I Sunndøla skal flaumvollane fornyast og elvebotn sikrast, for å hindra at flaum, flaumskred og sørpeskred i Sunndøla går over sine breidder og skadar busetnad og riksveg.

Ved samløpet mellom Sunndøla og Hjelledøla ned til Grov bru skal det byggast flaumvoll og veg til Grov bru skal hevast. Samtidig skal erosjonssikring langs høgre elvebreidd utbetrast.

På strekket mellom Grov bru og Nygård bru skal eksisterande flaumvoll på venstre elvebreidde fornyast.

– NVE skal gjera samfunnet betre rusta til å handtera flaum- og skredfare og er sentrale i beredskapen for skred, flaum og ulukker i vassdraga. NVE kan gi bistand til utredning, planlegging og gjennomføring av sikringstiltak for å redusera risikoen for eksisterande busetnad som er utsett for flaum- og skredfare. Dette prosjektet på riksveg 15 startar NVE med i mars 2022, og skal vera ferdig i 2024, seier prosjektleiar Hanne Rosvoll Langset i NVE.

Slik vert flaumsikringsprosjektet som er eit samarbeid mellom Statens vegvesen, NVE og Stryn kommune. Skisse: Dr Blasy – Dr Øverland

Dette skjer med riksveg 15

Statens vegvesen skal heva 300 meter av riksveg 15 med inntil éin meter.

– Vi jobbar no med å få finansieringa på plass. Går etter planen kan det bli oppstart alt i løpet av 2022. Anleggstida er om lag eit halvt år, seier prosjektleiar Sonja Fjellkårstad i Statens vegvesen

Detaljane i trafikkavviklinga under anleggsperioden er det entreprenøren som tek seg av.

– Men i utgangspunktet meiner vi at dette skal vera mogleg å gjera utan vegstenging, til dømes med å heva eit køyrefelt om gongen. Skulle det vera naudsynt med stenging, finst det lokale omkøyringsvegar i området. Vi er veldig glade for å kunna bidra til at fleire offentlege instansar, i samarbeid med kommunen, kan bidra til betre flaumsikring og trafikktilhøve både for lokalbefolkning og dei på gjennomreise til og frå Strynefjellet. Samarbeidet har vore godt, og vi ser fram til å få fullflrt dette viktige prosjektet, legg Fjellkårstad til.

– Vi ser fram til å få dette i orden. Dette hadde ikkje vore mogleg uten gode samarbeidspartnarar i Statens vegvesen og NVE, seier kommunalsjef teknisk Jan Flore i Stryn kommune.

– NVE har arbeidd med dette prosjektet sidan 2019. Det er veldig kjekt at vi no har kome i gang med detaljprosjektering og vi ser føre oss oppstart i 2022, seier prosjektleiar Hanne Rosvoll Langset i NVE.

Kontaktperson NVE: Hanne Rossvoll Langset, telefon 409 18 675, e-post hrok@nve.no

Kontaktperson Stryn kommune: Jan Flore, kommunalsjef teknisk, telefon 977 38 949, epost jan.flore@stryn.kommune.no

Aktuelt for fylke(r): Vestland, Innlandet