No skal det skredsikrast her
Statens vegvesen startar i veke 48 skredsikring på riksveg 5 mellom Grov og Leversundet i Kinn kommune i Vestland.
Vegen kan verta stengd måndag til torsdag i periodar på inntil 30 minutt mellom klokka 09.00 og 1400, og mellom klokka 17.00 og midnatt.
Rutegåande trafikk og utrykkingskøyretøy kan passera.
Arbeida vil kunna pågå til mars 2022.
– Me har forståing for at slikt langvarig anleggsarbeid kan vera krevjande for trafikantane. Men då er viktig å minna om at me gjer dette store prosjektet nettopp for dei, for å kunna vareta trafikktryggleiken og framkomet for framtida, seier byggeleiar Dag Ove Ulltang i Statens vegvesen.
Kontaktperson: Dag Ove Ulltang, e-post dag.ulltang@vegvesen.no, telefon 95259729
Aktuelt for fylke(r):
Vestland