Artikkelen er fra 2021, og innholdet kan være utdatert.

Etter byggeperiode sidan i fjor haust, er nye Skipenes bru på E39 på Nordfjordeid no opna for trafikk.

Den gamle, åtte meter breie brua var bygt på 60-talet.

Ho er no erstatta av ei ny, tidsmessig 13 meter brei bru laga for dagens og morgondagens trafikkmønster.

I tillegg til ny belysning, er nybrua også betre tilrettelagt for mjuke trafikantar enn forgjengaren var.

Mesta har vore entreprenør på jobben som har ein kontraktsverdi på 31 millionar pluss moms.

E39, Nordfjordeid, Vestland, Skipenes bru
Prosjektleiar Sonja Fjellkårstad i Statens vegvesen er nummer to frå venstre. Dei Mesta-tilsette på biletet er (frå venstre) prosjektleiar Eirik Endestad, geomatikar Jonny Dag Sunde, anleggsleiar veg Isabell Standal, geomatikar Aleksander Nyberg og anleggsleiar Magne Ødegård. Foto: Pål-Anders Rindal, Statens vegvesen

Dette er brua

Skipenes bru har ein gjennomsnittleg døgntrafikk på 1900 køyretøy. Det er dette som kallast ÅDT (årsdøgntrafikk). 13 prosent av trafikken er lange køyretøy.

Brua vert nytta både av lokalbefolkning og jobbpendlarar over E39-ferjesambandet Lote - Anda ti minutt sørover. I tillegg er ho mykje trafikkert av turistar om sommaren.

– Trafikken har i byggeperioden vorte leia over på ei mellombels bru like ved. Statens vegvesen takkar både trafikantar og lokalbefolkning for tolmod og forståing i samband med byggearbeida, seier prosjektleiar Sonja Fjellkårstad i Statens vegvesen og takkar entreprenør Mesta for godt utført arbeid.

E39, Nordfjordeid, Vestland, Skipenes bru
Skipenes bru. Foto: Pål-Anders Rindal, Statens vegvesen

Knutepunkt

Nordfjordeid er eit knutepunkt i Nordfjord. Også riksveg 15 går gjennom tettstaden, og det er kort vei til mellom anna både Stad, Sunnmøre og Strynefjellet.

Statens vegvesen har gjort fleire tilretteleggingar for trafikken gjennom Nordfjordeid siste året. Ein splitter ny døgnkvileplass på 4.000 kvadratmeter i Eid Næringspark vart teken i bruk tidlegare i haust.

Her er det parkeringsplass til ti bilar, og servicebygg med toalett (med berøringsfrie panel), dusj og pauserom med tekjøkken. Det kameraovervaka området er gratis å nytta for brukarane, det vil seia sjåførar av vogntog over 7,5 tonn.

På døgnkvileplassen er det også etablert infrastruktur med tanke på elektrifisering av store køyretøy. Bensinstasjon-kjeda YX skal etablera fyllestasjon for storbil på området, etter planen på nyåret.

Det vil bli sett opp informasjonstavler både på norsk, engelsk og tysk og polsk. Døgnkvileplassen ligg like ved både E39 og riksveg 15, like i nærleiken av fleire butikkar.

Kontaktperson: Sonja Fjellkårstad, e-post sonja.fjellkaarstad@vegvesen.no, telefon 99165857

Aktuelt for fylke(r): Vestland