VIDEO: Slik jobbar Statens vegvesen for å forhindra skred
For å sikra trafikktryggleik og framkome på våre vegar, gjer vi i Statens vegvesen alt vi kan for å forhindra skred.
Natt til tysdag fekk Statens vegvesen melding om småstein i vegbanen ved Hålandsosen på riksveg 13 i Rogaland.
– Når vi fekk melding om dette, rykte vi ut med eit bergsikringslag, seier byggeleiar Rolf Anders Tønder Svensson i Statens vegvesen.
Småsteinane i vegbanen vart raskt tekne vekk med kost.
Steinane kom frå ei skjæring.
– Då laget gjekk inn i vegskjæringa med tau, vart det avdekt eit laust parti med sprekkar. Med spett fekk vi løyst heile partiet kontrollert ned, for på denne måten å unngå eit skred i etterkant, legg Svensson til
Kontaktperson: Rolf Anders Tønder Svensson, e-post rolf.anders.tonder.svensson@vegvesen.no, telefon 48027103