Artikkelen er over ett år gammel, og innholdet kan være utdatert.

Vegvesenet startar no ein stor jobb i og ved rv5 Frudalstunnelen mellom Sogndal og Fjærland. Fem firma viste interesse for å utføra arbeidet.

I januar i fjor øydela eit skred det tekniske bygget på Sogndal-sida av Frudalstunnelen

No skal Statens vegvesen flytta bygget inn i tunnelen og i tillegg oppgradera lysa i innkøyringa til tunnelen. Hovdebygda-firmaet Aurstad Tunnel AS har fått kontrakten på oppdraget, som etter planen skal vera ferdig i slutten av november.

Her, på Sogndal-sida av rv. 5 Frudalstunnelen, gjekk skredet. Bilete frå Google maps
Her, på Sogndal-sida av rv. 5 Frudalstunnelen, gjekk skredet. Bilete frå Google maps

Startar natt til 30. mai

Anleggsarbeida startar natt til 30. mai med sprenging av nisje. I veke 28, 29 og 30 blir det avvikla ferie på anlegget og fri ferdsel i tunnelen. Etter ferien vil det foregå arbeid både på dagtid og natt.

På dagtid kjem vi til å grava, og på natta sprenga og jobba med sprøytebetong. Trafikken vil bli styrt med ledebil.

I samband sprengningsarbeidet må vi stenge tunnelen i lange periodar. Trafikantar vert difor oppmoda til å sjekka 175.no før dei skal ut og køyra. Her vil det verta opplyst om når tunnelen er open for gjennomkøyring. Omkøyringsvegen er lang (via Gaularfjellet), og vi vil sørga for å varsla tydeleg og i god tid.

– Mange tilhøve vert betre for alle

Vi har forståing for at det kan verta krevjande for trafikantene med arbeid i Frudalstunnelen, men det er mange tilhøve som vert betre for alle som følgje av arbeida, seier prosjektleiar Sveinung Hovland i Statens vegvesen.

Frudalstunnelen har ein gjennomsnittleg døgntrafikk på 1604 køyretøy. Det er dette som vert kalla årsdøgntrafikk (ÅDT). Av dette er 22 prosent, eller 352, lange køyretøy (tungtrafikk).

Desse ville ha oppdraget

Tilbydar: Tilbodssum ekskl. mva:
Aurstad Tunnel AS frå Hovdebygda 31.725.725,00
Fosse Maskin og Transport AS frå Vik 33.708.045,80
AS Birkeland Entreprenørforretning frå Gulen 37.930.030,00
Mesta AS 33.982.571,30
BMO Tunnelsikring AS frå Arna 40.178.150,00

Kontaktperson: Sveinung Hovland, e-post sveinung.hovland@vegvesen.no, telefon 97517080

Aktuelt for fylke(r): Vestland