Nye retningslinjer og kommentarar skal no gjere det enklare å vurdere tildeling av parkeringsløyve for forflyttingshemma.

 

Vegdirektoratet har i samråd med Samferdselsdepartementet utarbeidd nye retningslinjer og forklarande kommentarar til forskrift om parkeringsløyve for forflyttingshemma (av 18. mars 2016 nr. 264).

Retningslinjene er utarbeidde i samarbeid med Noregs Parkeringsforening (Norpark), Oslo kommune, Norsk Handikapforbund og Funksjonshemmedes Fellesorganisasjon.

Tildeling av parkeringsløyve for forflyttingshemma er, og skal vere, prega av at kvar enkelt sak blir avgjord ved skjønn. Det er kommunane som behandlar slike parkeringsløyve

Desse retningslinjene er meinte å gi rettleiande rammar for denne skjønnsutøvinga og ei støtte for dei som skal arbeide med regelverket.

Retningslinjene inkluderer også forslag til søknadsskjema med rettleiing for både personløyve og institusjonsløyve, forslag til skjema for legeerklæring med rettleiing, og dessutan eit informasjonsskriv til søkjarar som blir innvilga parkeringsløyve for forflyttingshemma.