Artikkelen er over ett år gammel, og innholdet kan være utdatert.

Ny teknologi og strengare sikkerheitskrav er noko av bakgrunnen for at Statens vegvesen er i ferd med å oppgradere om lag 200 tunnelar landet rundt.

Bilar i kolonne gjennom E16 Gudvangatunnelen under oppgraderingsarbeid. (Foto: Silje Drevdal)
Bilar i kolonne gjennom E16 Gudvangatunnelen under oppgraderingsarbeid. (Foto: Silje Drevdal)

Sidan 2015 har Statens vegvesen arbeidd med utbetring og oppgradering av tunnelar over heile landet. Samla er det snakk om omlag 200 tunnelar som skal oppgraderast til dagens nye og tryggare standard.

Hør denne og andre episodar av podkasten Snakk i vei her

I ein ny episode av Vegvesenets podkast Snakk i vei er Elin Hermanstad Havik og Stig Berg-Thommassen gjestar. Elin er Vegvesenet sin prosjektleiar for tunneloppgradering i Oslo, medan Stig er prosjektsjef for tunneloppgradering på Vestlandet, Sørlandet og delar av Austlandet.

- Det tekniske utstyret i tunnelane har si levetid, og i mange tilfelle held ikkje utstyret mål lenger. Derfor gjer vi nå eit omfattande arbeid for å få desse tunnelane opp på det sikkerheitsnivået vi ønsker at dei skal ha, forklarer dei to i podkasten.

Blant tunnelane som blir omtalt spesielt i podkasten er Hammersborgtunnelen på Ring 1 i Oslo og Lærdalstunnelen, verdas lengste biltunnel, på E16 i Vestland.