Statens vegvesen nattestenger ferjesambandet Anda 24.-25.oktober.

– Årsaka er at vi reparerer heisetårn på E39 Anda ferjekai, sier byggeleiar Asbjørn Røneid i Statens
vegvesen.

Jobben skjer frå 24. oktober klokka 19.40 til 25. oktober klokka 06.00. Ferjesambandet Anda – Lote blir stengt i denne perioden.

E39 Anda ferjekai. Foto: vegbilder.atlas.vegvesen.no
E39 Anda ferjekai. Foto: vegbilder.atlas.vegvesen.no

Slik blir ruteendringane

Siste avgang frå begge sider blir klokka 19.40 tysdag.

Ferjeruta startar å gå igjen onsdag morgon, 06.00 frå Lote og 06.15 frå Anda.

– Statens vegvesen har forståing for at arbeid som medfører at vi må stengja våre ferjekaiar kan gje ulemper for trafikantane. Då er det viktig å minna om vi gjer dette arbeidet nettopp for dei, for at dei skal kunna ferdast trygt til ei kvar tid. I god dialog med entreprenør har vi valt å leggja arbeidet til den tida på døgnet då det er minst trafikk, seier byggeleiar Asbjørn Røneid i Statens vegvesen.

– Stenging av veg, og som her sjøveg, har konsekvens. Det kjem vi ikkje utanom. Men konsekvensane for trafikantane kan verta endå større om vi ikkje gjer dette arbeidet, legg han til.

Slik held du deg orientert

Omkøyring vil bli skilta i god tid før begge ferjekaiane.

Statens vegvesen oppmodar elles trafikantar til å sjekka 175.no før ein skal ut og reisa. Her finn ein til ei kvar tid oppdatert informasjon om situasjonen på norske riks-, europa- og fylkesvegar.

Ein kan og nytta appen Vegvesen trafikk, som er oppdatert med same informasjon.

Det har aldri vore fleire moglegheiter til å halda seg oppdatert om situasjonen på vegane enn i dag.

Kontaktperson: Asbjørn Røneid, e-post asbjorn.roneid@vegvesen.no, telefon 95191867