Dei fleste køyrde bil til jobb i 2022 – også i byane
Reisevaneundersøkinga 2022 for dei sju største byregionane viser at dei fleste tok bilen til jobb, også i byområda. 58 prosent oppgav dette på landsbasis.
Rapporten «Reisevaner i de sju største byregionene med tilleggsutvalg 2022» er ein forenkla nøkkelrapport for dei største byregionane med tilleggsutval; Oslo/Akershus, Bergensregionen, Trondheimsregionen, Nord-Jæren, Buskerudbyen, Nedre Glomma og Tromsøregionen.
I rapporten finn du også grafiske resultat for dei fire byvekstavtaleområda. Dei geografiske områda for byregionane er større enn byvekstavtaleområda, så tala blir litt ulike.
Reiser med kollektivtransport på veg opp
– I alle byområda med byvekstavtaler (BVA) ser vi at reiser med kollektivtransport gjekk betydeleg ned i pandemiåra 2020 og 2021. I 2022 var andelen aukande att, men framleis ikkje heilt attende på 2019-nivå, seier sjefingeniør Oskar Kleven i Statens vegvesen.
Bruken av heimekontor auka også mykje i 2020 og 2021, og i 2022 var det framleis mange som brukte heimekontor dei dagane dei ikkje var på arbeidsplassen.
I Nedre Glomma køyrde 66 prosent bil til jobb
Reiser som bilførar var den transportmåten flest (58 prosent) brukte til arbeidsreiser i heile landet sett under eitt. Den høgaste andelen finn vi i Nedre Glomma med 66 prosent. Her finn vi også den lågaste andelen av dei som var nøgde med kollektivtilbodet (41 prosent).
Til samanlikning hadde Oslo/Akershus den lågaste andelen bilførarar på arbeidsreiser med 38 prosent. Her oppgav 80 prosent at dei hadde god eller svært god tilgang til kollektivtilbodet.
Bilførarandelen på alle reiser samla fall frå 55 prosent i 2021 til 50 prosent i 2022 i heile landet sett under eitt.
14 prosent sykla til jobb i Trondheimsregionen
Dei som sykla mest til jobb bur i Trondheimsregionen med 14 prosent av arbeidsreisene, tett etterfylgt av Nord-Jæren og Oslo/Akershus med 13 prosent. Lågast andel var det i Bergensregionen med 7 prosent, Nedre Glomma med 8 prosent og Buskerudbyen med 9 prosent. I Tromsø sykla 12 prosent til jobb.
82 prosent var nøgde med kollektivtilbodet i Tromsø
På landsbasis oppgav 53 prosent at dei hadde svært god eller god tilgang til kollektivtilbodet der dei bur. Tromsø hadde den høgaste andelen med 82 prosent. I Oslo/Akershus oppgav 80 prosent at dei hadde god eller svært god tilgang. Bergensregionen, Trondheimsregionen og Nord-Jæren låg relativt jamt med om lag 70 prosent. Den lågaste oppslutninga finn vi i Buskerudbyen og Nedre Glomma med høvesvis 49 og 41 prosent.
Andelen bileigarar høgast i Buskerudbyen, Nord-Jæren og Nedre Glomma
Den høgaste andelen av personar som eigde eller disponera bil, finn vi i Buskerudbyen, Nord-Jæren og Nedre Glomma med høvesvis 89, 88 og 88 prosent. Det var færrast bileigarar i Oslo/Akershus, der 76 prosent oppgav at dei eigde eller disponera bil.
Flest reiste kollektivt til skule i Bergen
Andelen som reiste kollektivt til skule var størst i Bergensregionen med 51 prosent og lågast i Nedre Glomma (31 prosent) og på Nord-Jæren (32 prosent). I heile landet sett under eitt reiste 39 prosent kollektivt og 30 prosent eller gjekk til fots til skulen. 13 prosent sykla. For andelen gåande var det relativt lita spreiing blant dei ulike regionane.
Oslofolk gjekk mest
Dei som bur i Oslo/Akershus, oppgav i størst grad å gå til fots (29 prosent) på alle reiser samla. Andelen har vore stabilt høg i 2020 og 2021 med 31 og 29 prosent. I Oslo kommune var andelen gåande 38 prosent. Til samanlikning var det 25 prosent som gjekk i Trondheimsregionen, 24 prosent i Bergensregionen og i Tromsø, 20 prosent i Nord-Jæren og Buskerudbyen og 15 prosent i Nedre Glomma.
Rapporten presenterer tal fra sju regionar med tilleggsutval
I denne rapporten blir det presentert tal for sju regionar som alle var dekka av tilleggsutval. Grenland og Kristiansand hadde ikkje tilleggsutval i 2022, derfor inngår ikkje desse i 2022-tala, sidan intervjugrunnlaget var for lågt.
80 kommunar var dekte av tilleggsutval i RVU 2022. Dette er 22 prosent av kommunane i landet (etter kommuneinndelinga i 2020) og 58 prosent av befolkninga over 13 år (pr. 2022).
Det er Opinion AS som gjennomfører Nasjonal reisevaneundersøking RVU på vegne av Samferdsledepartementet, Statens vegvesen (SVV), Jernbanedirektoratet, Bane NOR SF, Nye Veier AS, Avinor og Kystverket.
Formålet med dei nasjonale reisevaneundersøkingane (RVU) er å kartlegge og analysere reiseaktivitet og reisemønster i befolkninga. Undersøkinga er grunnlag for planlegging og modellutvikling innan transportsektoren, mellom anna i stortingsmeldingar, Nasjonal transportplan og i lokal og regional areal- og transportplanlegging.
Kontaktperson:
Sjefingeniør Oskar Kleven, , mobil 1632148