Artikkelen er over ett år gammel, og innholdet kan være utdatert.

I årets reviderte nasjonalbudsjett kom det ei ekstra løyving til vegvedlikehald. Mellom anna har det vorte 20 kilometer ny asfalt på E6 i Saltdal.

E6 ved Røkland i Øvre Saltdal har fått ny asfalt før vinteren.
E6 ved Røkland i Øvre Saltdal har fått ny asfalt før vinteren. Foto: Kristoffer Olofsson / Statens vegvesen

Den nye asfalten har vorte godt motteken både av lokalbefolkninga og dei som køyrer tungtransport over Saltfjellet. Vi må heilt tilbake til 90-talet då Statens vegvesen sist la eit standard slitelag med asfalt på denne vegstrekninga.

Dei siste ti åra har E6 i Saltdal fått eit tynt dekke med ny asfalt to gonger. Dette dekket var ikkje eigna til å forsterke midtoppmerkinga med eit felt som gjer at bilen ristar når hjula kryssar midtlinja på vegen.

– Arbeidet er ferdig, med unntak av forsterka midtoppmerking med romlefelt. Vinteren har komme, noko som gir utfordringar knytt til vegmerking. Me ventar derfor til våren med fresing av romlefelt og ny merking, seier kontrollingeniør Kristoffer Olofsson i Statens vegvesen.

Når arbeidet er heilt ferdig i 2024 vert det endå tryggare å køyre på dei nyasfalterte strekningane på E6 i Saltdal i Nordland.

Det har gått med 16 235 tonn asfalt til 20 kilometer europaveg. Total kostnad for arbeidet er rett under 34 millionar kroner.

Desse strekningane har fått ny asfalt

Strekning Lengde (meter)
Nordnes-Medby 15521
Bleiknes-Nordnes 2401
Langånes 1912
Osbrua Sør 259
Totalt 20093
Aktuelt for fylke(r): Nordland