Neste veke startar jobben med å byte ut over 1000 lysarmaturar på riksvegane i Trøndelag. Satsinga er bra for både energiøkonomien og trafikktryggleiken.

Dette tiltaket er eit direkte resultat av ekstra midlar via revidert nasjonalbudsjett, og det skal bytast armatur både på riksvegar og gang- og sykkelvegar langs riksvegar.

Illustrasjonsbilde av veglys i mørket utenfor tunnelinngang.
Illustrasjonsbilete. Foto: Statens vegvesen.

Mykje å spare

– Ei nasjonal kartlegging av vegbelysningsanlegga til Statens vegvesen viser at det er mykje å spare på å byte ut konvensjonelle lyskjelder på 250/400 W med armaturar som brukar LED-teknologi, og som i tillegg nyttar midtpunktdimming for å ytterlegare redusere straumforbruket. Ikkje minst gir dette betre lys og sikt som er veldig viktig for trafikktryggleiken, seier prosjektleiar June Skarsvåg i Statens vegvesen.

Desse strekningane får nye lysarmaturar

Her er oversikta over kvar armaturane skal bytast ut:

Vegstrekning

Tal på armatur

E6 Lundamo - Kvålsvegen

234

E6 Fagerhaug (Oppdalsporten)

18

Rv 70 Fra Oppdal sentrum

44

E6 Rundkjøring Mule - Verdal

195

E6 Åsen nord

40

E6 Sparbu

62

E6 Harran Nord og Sør for sentrum

87

E6 Følling

32

E39 Staurseth

31

E39 Liabøen

22

E39 Betna

27

E6 Kvithamar Stjørdal - Langstein

225

E14 Stjørdal Ligårdkrysset - Circkle K

51

Det samla talet armaturar

1068

Statens vegvesen har inngått kontrakt med SET Elektro for desse arbeida. Bytinga vil gå fram mot nyttår.

Vis omsyn

– Arbeida vil gå føre seg på kveld og natt slik at det minst mogleg går utover trafikantane. Det vil bli skilta nedsett fart, det blir fysisk skilje mellom arbeidsområde og køyrebane og manuell trafikkdirigering. På nokre av strekningane blir det brukt ledebil. Vi ber om at folk følgjer skilting og dirigering og viser omsyn, tryggleiken for trafikantar og dei som gjer jobben er det aller viktigaste, understrekar Skarsvåg.

Statens vegvesen oppmodar alle trafikantar om å sjekke 175.no eller appen Vegvesen trafikk for å halde seg oppdatert om arbeida og trafikale konsekvensar.

Aktuelt for fylke(r): Trøndelag