Køyring på vinterføre kan vere utfordrande. Særleg ved det første snøfallet.

Statens vegvesen har i samarbeid med tidlegare bilsportsutøvar Tommy Rustad laga filmar for sosiale medium, der Rustad gir tips om vinterkøyring og korleis bilistane skal ta omsyn til brøytebilane.

Tommy Rustad gir tips om køyring på vinterføre i SoMe-filmar frå Statens vegvesen. Her frå filminnspelinga på Tisleifjorden på Golsfjellet.
Tommy Rustad gir tips om køyring på vinterføre i SoMe-filmar frå Statens vegvesen. Her frå filminnspelinga på Tisleifjorden på Golsfjellet. Foto: Eli Ramstad / Statens vegvesen

– Vi opplever ei aukande forventning om at vegane skal vere bare året rundt, og at ein del køyrer som om det er sommarføre heile året, seier divisjonsdirektør for Drift og vedlikehald, Bjørn Laksforsmo, i Statens vegvesen.

– Men Noreg er eit vinterland med vêr og køyreforhold som kan skifte fort. Bilførane kan ikkje forvente at vegane er snø- og isfrie heile tida. 

Å ferdast trygt på vegen er ein dugnad

Trafikktryggleik og framkomme er eit felles ansvar, ein dugnad der alle må bidra.

– Vi i Statens vegvesen skal sørgje for at riksvegane er brøyta, strødd og salta så bilistane kjem seg trygt fram, seier Bjørn Laksforsmo.

– Bilførarane, på si side, har ansvar for å vise omsyn, tilpasse farten etter forholda, halde forsvarleg avstand og, ikkje minst, at tilstanden til bil og dekk alltid er god. Vi må alle bidra, bilførarane òg, seier han.

Tips om vinterkøyring

Saman med Tommy Rustad har Statens vegvesen laga fem filmar som vil gå i sosiale medium vintersesongen 2023/24. Frå førarsetet gir Rustad tips om korleis du køyrer trygt på vinterføre.

  • Lenke til filmane og annan vinterinfo finn du nedst i artikkelen.
Tommy Rustad med tommel opp ut gjennom bilvinduet.
Foto: Statens vegvesen

Tommy Rustad er tidlegare internasjonal bilsportsutøvar, har jobba som brøytebilsjåfør og driv eige tømmertransportfirma.

– Eg ser ofte at folk er ukonsentrerte og at mange køyrer som om det er sommarføre om vinteren, seier Tommy Rustad. 

– Om vinteren er det vinter i Noreg. Sjølv om dei som brøytar, strør og saltar gjer jobben sin, rekk dei ikkje over alt samtidig, særleg ikkje når vêrforholda endrar seg raskt. Derfor må bilistane rekne med snø og glatte vegar om vinteren og ta sin del av ansvaret for å komme seg trygt fram. Det gir eg tips om i filmane som Statens vegvesen lanserer no, seier Tommy Rustad. 

I tillegg til å køyre som om det er sommar, opplever Rustad at mange set for stor lit til køyresystema til bilen. I filmane viser han mellom anna korleis tunge elbilar kan oppføre seg på glatt føre, og at det er bilføraren som må ha styringa.

–  Er farten for stor, kan ikkje elektronikken hjelpe deg. Det er du som køyrer bilen, ikkje bilen som køyrer deg, seier han.

Ikkje køyr forbi brøytebilen

Dei som brøytar for Statens vegvesen melder om at farten ute på vintervegane stadig blir høgare og køyreåtferda meir aggressiv.

Brøytebil med personbil bak.
Ikkje køyr forbi brøytebilen – det er farleg! Foto: Statens vegvesen

Det er mange utolmodige bilførarar som ikkje klarer å liggje bak brøytebilen, men gjer hasardiøse forbikøyringar som set både dei og andre trafikantar i fare.

Brøytebilane køyrer i låg fart fordi dei må køyre med ein presisjon på fem til ti centimeter til kvar side for at resultatet på brøytinga skal bli bra. 

– Er du av typen som irriterer deg over brøytebilen, gå litt i deg sjølv, seier Tommy Rustad, som i ein av filmane viser kor gale det kan gå viss du køyrer forbi ein brøytebil.

–  Eg har jobba som brøytebilsjåfør sjølv, og som brøytebilsjåfør så tenkjer du jo at det er berre nokre idiotar som ikkje skjønnar kva som går føre seg. Det er ein grunn til at brøytebilen køyrer så sakte, og han er der for deg, for at du skal komma trygt fram. Brøytebilen slepp deg forbi når han har høve og det er trygt. Her må me som ligg bak, smørje oss med tolmod, sier Rustad.

Tommy sine tips for køyring om vinteren

  • Planlegg reisa. Sjekk vêrvarsel og trafikkmeldingar før du skal ut og køyre. Trafikkmeldingar får du på vegvesen.no/trafikk eller i appen Vegvesen trafikk.
  • Berekn at reisa kan ta lengre tid. 
  • Gode vinterdekk er heilt avgjerande for tryggleiken på vegen. 
  • Skal du gjere ei lengre reise med usikre vêrprognosar, til dømes over ein fjellovergang, sørg for full tank/fullt batteri før du køyrer, ha teppe og mat/drikke i bilen. Plutseleg står du i ein langvarig kø! 
  • Ikkje køyr forbi brøytebilen – det er farleg! Den slepp deg forbi når han har moglegheit for det. Den må køyre med låg fart og høg presisjon for å levere eit godt resultat. 

Og hugs på

  • Om vinteren er det vinter – køyreforholda blir aldri som om sommaren! 
  • Avpass farten, hald avstand og køyr etter forholda. 
  • Viss du køyrer ein elbil, så er den som oftast mykje tyngre enn ein drivstoffbil, det påverkar korleis han oppfører seg på vegen. 
  • Firehjulstrekk gir betre framdrift, ikkje betre veggrep. 

Vinterkøyring og annan vinterinfo

Fem filmar med tips om vinterkøyring med Tommy Rustad: Sikker vinterkjøring | Statens vegvesen

Divisjonsdirektør Bjørn Laksforsmo sin kronikk i Dagbladet mandag 13. november 2023: Skjelles ut og latterliggjøres (dagbladet.no)

Brøyting, strøing og salting | Statens vegvesen

Generell informasjon om fjelloverganger | Statens vegvesen

Skredsikring | Statens vegvesen

 

Kontakt

Pressevakt Drift og vedlikehold
Tlf. 479 05 472
pressedv@vegvesen.no