På landsbasis var det seks menneske som omkom i novembertrafikken i 2023. Ein av dei omkomne i november i år mista livet i Vestland fylke.

Bil på vinterveg. Foto Knut Opeide, Statens vegvesen.
Om vinteren endrar køyreforholda seg, og du kan ikkje venta is- og snøfrie vegar. Berekn god tid og køyr etter forholda. Foto: Knut Opeide, Statens vegvesen.

Seks trafikkdrepne i november er halvparten så mange som i november i fjor, då 13 omkom. Så langt i år har 113 personar mista livet på norske vegar. Det viser Statens vegvesen sine førebelse ulykkestal. I heile fjor omkom 10 menneske på vestlandsvegane. Dei første 11 månadene i år har vi mista 14 menneskeliv i trafikken i Vestland.

– Ein omkommen i Vestland i november, er ein for mykje. Det er likevel positivt at det samla talet for november på landsbasis er halvert i forhold til i fjor. 113 drepne på norske vegar så langt i år er likevel for mange, understrekar Bente Isdal i Statens vegvesen.

Alle dei drepne var over 40 år

Det var ingen ungdommar som omkom i november. Alle dei døde var over 40 år.

– Vi har ingen å miste, uansett alder. Etter fleire månadar med unge drepne i trafikken, er det likevel eit lyspunkt at ingen under 40 år omkom i november, seier Isdal.

Dei seks dødsfalla i heile landet, fem menn og ei kvinne, skjedde i Nordland, Troms og Finnmark, Viken, Innlandet og Vestland. Det var primært møte- og utforkøyringsulykker, men éin fotgjengar mista også livet i november, i Viken fylke.

Vi har blitt litt meir merksame i trafikken

Aktløyse er framleis ei av dei viktigaste medverkande årsakene til alvorlege trafikkulykker, ofte med døden til følgje. Likevel viser ei undersøking laga på oppdrag frå Statens vegvesen (TØI), at folk gjer litt færre ting medan dei køyrer bil i dag. Sjåførane har vorte litt meir merksame enn for berre få år sidan.

– Likevel er det greitt med ei påminning i desse juletider, om at alle køyrer merksamt og tek seg den ekstra tida som trengst for at det går bra – for oss alle. Følg med på vêr- og føremeldingar før du legg ut på tur, og om du skal reisa vekk, er det òg viktig at du pakkar bilen rett og sikrar lause gjenstandar, avsluttar Isdal.

Les meir om korleis du sikrar tinga dine i bilen.

Her, på Vegvesen trafikk, kan du planlegge turen

Aktuelt for fylke(r): Vestland