Seks menneske omkom i novembertrafikken. Ingen av dei omkomne i november i år mista livet i Rogaland.

Bil på vinterveg. Foto Knut Opeide, Statens vegvesen.
Om vinteren endrar køyreforholda seg, og du kan ikkje venta is- og snøfrie vegar. Berekn god tid og køyr etter forholda. Foto: Knut Opeide, Statens vegvesen.

Seks trafikkdrepne i november er halvparten så mange som i november i fjor, då 13 omkom. Så langt i år er 113 drepne på norske vegar. Det viser Statens vegvesens førebelse ulukkestal.

– I Rogaland har me mista 11 menneskeliv i trafikken dei første 11 månadane i år. I heile fjor omkom 12 menneske på Sørvestlandet. Det er positivt at det samla talet drepne i november er halvparten av kva me opplevde i fjor. 113 drepne på norske vegar så langt i år er likevel for mange, understrekar Hans Bjørnar Tunheim i Statens vegvesen.

Alle dei drepne var over 40 år

Det var ingen ungdommar som omkom i november. Alle dei døde var over 40 år.

– Me har ingen å mista, uansett alder. Etter fleire månadar med unge drepne i trafikken, er det likevel eit lyspunkt at ingen under 40 år omkom i november, seier Tunheim.

Dei seks dødsfalla i heile landet, fem menn og éi kvinne, skjedde i Nordland, Troms og Finnmark, Viken, Innlandet og Vestland. Det var primært møte- og utforkøyringsulukker, men éin fotgjengar mista òg livet i november, i Viken fylke.

Me har blitt litt meir merksame i trafikken

Aktløyse er framleis éi av dei viktigaste medverkande årsakene til alvorlege trafikkulukker, ofte med døden til følgje. Likevel viser ei undersøking laga på oppdrag frå Statens vegvesen (TØI), at folk gjer litt færre ting medan dei køyrer bil i dag. Sjåførane har blitt litt meir merksame enn for berre få år sidan.

– Likevel er det greitt med ei påminning i desse juletider, om at alle køyrer merksamt og etter forholda, tek seg den ekstra tida som trengst for at det går bra – for oss alle. Følg med på vêr- og føremeldingar før du legg ut på tur, og om du skal reisa vekk, er det òg viktig at du pakkar bilen rett og sikrar lause gjenstandar, avsluttar Tunheim.

Les meir om korleis du sikrar tinga dine i bilen.

Her, på Vegvesen trafikk, kan du planlegge turen

Aktuelt for fylke(r): Rogaland