Dei fleste ulykkene skjedde i sommarmånadene.

Kross ved veg.
14 omkom på vegane i Vestland i 2023. (Illustrasjonsfoto: Knut Opeide)

– Det har dessverre vore ein stor auke i talet på dødsulykker frå 2022 til 2023. Lyspunktet er at det ikkje var barn blant dei omkomne i Vestland i fjor, seier Bente Isdal i Statens vegvesen.

I 2023 omkom 14 menneske i trafikken i Vestland, mot 10 i 2022.

Negativ utvikling for landet

På landsbasis omkom 118 personar på vegane i 2023.

– Etter ein positiv trend fram til 2021, har trafikken dessverre teke fleire liv dei to siste åra. Me jobbar uforstyrra vidare med å nå Nullvisjonen, men me har eit stykke igjen å gå, seier Isdal.

– Det er fleire faktorar som peikar ut seg, der rus, aktløyse og fart er medverkande i svært mange av ulykkene. Som trafikantar har me alle eit ansvar for å vareta trafikktryggleiken på vegane våre, understrekar Isdal.

I 2023 var det ein auke i talet på omkomne i aldersgruppa 25 til 44 år, med 28 omkomne mot 22 året før, medan talet på trafikkdrepne eldre gjekk ned. I 2022 omkom 38 menneske i alderen 65+, i 2023 var det 25 i denne aldersgruppa som mista livet i trafikken. Medan me i 2019 for første gong opplevde at ingen barn mista livet i trafikken, omkom sju barn i 2023. Dette er ein auke set opp mot alle dei ti siste åra. I 2022 mista to barn livet i trafikken.

Flest omkomne i møteulykker

I Vestland er det møte- og utforkøyringsulykker som dominerer. Åtte personar omkom i seks møteulykker og tre personar i utforkøyringar. Ni av dei omkomne var menn, og ti av dei omkomne var over 35 år, medan Vestland mista tre unge i alderen 19 til 20 år. Dei fleste ulykkene skjedde i juli, august og september. I Vestland var det ingen som omkom i januar, juni og desember i 2023.

Køyr etter forholda

Skal ut og køyra bil, oppmodar Statens vegvesen deg til å sjekka vêr- og føreforhold. Sjekk også www.vegvesen.no/trafikk som har oppdatert informasjon om situasjonen på vegane til kvar tid. Det same gjeld for appen «Vegvesen trafikk».

– På vinteren er det ekstra viktig å ha rette og gode dekk, sørgja for at rutene er isfrie og at du har børsta biltaket fritt for snø. Ha nok drivstoff på tanken eller lad el-bilen før du reiser. Ta også med deg spade, gjerne kjettingar, varme klede og mat og drikke, særleg viss du skal køyra fjellovergangar, oppmodar Isdal til slutt.

Aktuelt for fylke(r): Vestland