Det mykje snø og sterk vind det neste døgnet. Statens vegvesen oppmodar folk om å la bilen stå om det ikkje er høgst nødvendig å køyra.

Slik ser vêret ut på E39 på Fjøsangervegen torsdag formiddag. (Foto: Statens vegvesen webkamera)
Slik ser vêret ut på E39 på Fjøsangervegen torsdag formiddag. (Foto: Statens vegvesen webkamera)

Det snør allereie kraftig fleire stadar på Vestlandet. Ut over ettermiddagen skal situasjonen bli verre og vinden vil auka på ut over kvelden og natta. Bergen og nærliggande område er særleg utsett, der Meterologisk institutt melder orange farevarsel for mykje nedbør i form av snø.

Viktige råd til trafikantane 

Om du må ut å køyra er dette oppfordringa:
- Rekne god tid, køyr etter tilhøva og ver ekstra merksam. Vert det stans, kan det fort bli kaldt. Det kan vera lurt å ta med ekstra klede i bilen, men hugs å ikkje ha tjukke klede under sikkerheitsbeltet, det reduserer tryggleiken din, seier Henny-Kristin Asperanden Navarsete i Statens vegvesen.  

Følg med på vêr- og føreforhold og sjekk www.vegvesen.no/trafikk, som har oppdatert trafikkinformasjon til ei kvar tid.

Vis hensyn til dei som jobbar

Alt brøytemannskap er ute og jobbar for fullt, men med den store mengda snø som kjem, kan det vera utfordringar med å halda standarden og vegbana fri for snø alle plassar. Vis omsyn til dei som jobbar på vegane våre, dei vil ha deg trygt fram og ynskjer også sjølv å koma heim til sine etter endt arbeidsdag.

Det har vore mange meldingar ut til trafikantane om glatte vegar og oppmodingar om å late bilen stå den siste tida.

La bilen stå om du kan

- Folk kan bli lei av slike meldingar. Me kan styra mykje, men veret har me ikkje kontroll på. Me håpar at folk forstår at det aller viktigaste for oss er å varsla om tilhøva slik at dei veit kva som kan møte dei på vegen. Om folk som ikkje treng ut med bilen let den stå, kan me kanskje unngå at det skjer ulukker no når føreforholda er som dei er, seier Henny-Kristin Asperanden Navarsete.

- Det er nokon som må fram uansett ver og føre, det gjeld både naudetatar, folk, næringstransport og andre viktige samfunnsfunksjonar. Difor er det viktig å syta for at vegane er framkommelege og opne, seier ho.