Det er meldt stor snøskredfare i Sogn, og det vert vurdert at det framleis ikkje er trygt å åpne rv. 13 Vikafjellet for trafikk.

I tillegg til den eksisterande skredfaren, er det venta store mengder nedbør i helga, spesielt på laurdag. Saman med sterk vind som flyttar snøen, aukar dette faren for skred betrakteleg. Store skred kan løysna av seg sjølv.

– Me gjer det me kan for å halda vegane opne, men risikoen for skred er så stor på Vikafjellet at det ikkje er trygt å setta på trafikk, seier beredskapsrådgjevar Henny-Kristin Asperanden Navarsete i Statens vegvesen.

Navarsete  forstår at å møta ein stengt veg er ei stor ulempe for folk og kan vera kjelde til frustrasjon.

– Me opplever likevel at folk forstår at me stenger vegen når tilhøva er som dei er. Alle vil ha sine både trygt fram og trygt heim. Det gjeld trafikantane som ferdast på vegen, og entreprenørane som jobbar på vegen.

 Ny vurdering vert gjort måndag.

Oppdaterte trafikkemeldingar finn du til einhver tid på www.vegvesen.no/trafikk

Kontakt
Vegsentralen Vest
Tlf. 55 57 74 60

Aktuelt for fylke(r): Vestland