Oppryddingsarbeidet etter steinspranget på E16 ved Langhelle aust for Bergen som starta i dag, har teke lengre tid enn anteke.

Statens vegvesen utvidar derfor arbeidstida med to timar i kveld.

Her gjekk steinspranget ved E16 Langhelle i Vaksdal aust for Bergen måndag. Torsdag skal fjellsida spylast frå helikopter for å få ned lause steinar.
Her gjekk steinspranget ved E16 Langhelle i Vaksdal aust for Bergen måndag. Torsdag skal fjellsida spylast frå helikopter for å få ned lause steinar. Foto: Njål Farestveit, Statens vegvesen

Det betyr at E16 blir stengd mellom Trengereid og Voss i periodar på opptil ein time fram til kl. 21 i kveld i staden for til kl. 19, som tidlegare annonsert.  Kolonnekøyring med leiebil frå begge sider held fram.

–  Grunnen til at vi held på eit par timar lenger, er at entreprenøren vår treng meir tid på å klargjere fjellsida og vegen for spyling med helikopter i morgon, seier byggjeleiar Frode Tufteland i Statens vegvesen.

Fjellsida skal spylast for å få ned lause steinar.

  • Torsdag blir vegen heilt stengd i tidsrommet 08.15-19.00 når fjellsida skal spylast.
  • Fredag blir vegen igjen stengd i periodar på opptil ein time, i tidsrommet 08.00-15.00. Det er trafikkdirigering med leiebil frå begge sider.

Se tidlegare utsend pressemelding om det same: E16 heilt stengd torsdag, opning kvar time onsdag og fredag | Statens vegvesen

Sjekk trafikkmeldingar og finn aktuelle omkøyringsruter:

Kontaktinfo
Frode Tufteland, e-post frode.tufteland@vegvesen.no, telefon 95088604
VTS Vest, e-post vts-vest@vegvesen.no, telefon 555  77 460