Utvidar kolonnekøyring på E16 mellom Trengereid og Voss fram til kl. 21 i kveld
Oppryddingsarbeidet etter steinspranget på E16 ved Langhelle aust for Bergen som starta i dag, har teke lengre tid enn anteke.
Statens vegvesen utvidar derfor arbeidstida med to timar i kveld.
Det betyr at E16 blir stengd mellom Trengereid og Voss i periodar på opptil ein time fram til kl. 21 i kveld i staden for til kl. 19, som tidlegare annonsert. Kolonnekøyring med leiebil frå begge sider held fram.
– Grunnen til at vi held på eit par timar lenger, er at entreprenøren vår treng meir tid på å klargjere fjellsida og vegen for spyling med helikopter i morgon, seier byggjeleiar Frode Tufteland i Statens vegvesen.
Fjellsida skal spylast for å få ned lause steinar.
- Torsdag blir vegen heilt stengd i tidsrommet 08.15-19.00 når fjellsida skal spylast.
- Fredag blir vegen igjen stengd i periodar på opptil ein time, i tidsrommet 08.00-15.00. Det er trafikkdirigering med leiebil frå begge sider.
Se tidlegare utsend pressemelding om det same: E16 heilt stengd torsdag, opning kvar time onsdag og fredag | Statens vegvesen
Sjekk trafikkmeldingar og finn aktuelle omkøyringsruter:
- Vegvesen.no/trafikk
- Vegtrafikksentralen vest på X/Twitter
- Last ned Vegvesen trafikk-appen – få varsel på telefonen
Kontaktinfo
Frode Tufteland, e-post frode.tufteland@vegvesen.no, telefon 95088604
VTS Vest, e-post vts-vest@vegvesen.no, telefon 555 77 460