Statens vegvesen startar no å skredsikra rv. 15 Almenningsbakken i Nordfjord.

– Vi skal etablera eit fanggjerde på om lag 300 meter. Reinsk, sikring og fjerning av vegetasjon byrjar måndag 27. mai. Arbeidet vil bli utført om natta fram til ferien (veke 28), seier byggeleiar Jørn Kristian Engebø i Statens vegvesen.

Vegen blir stengd klokka 23.00-05.00, men vi legg til rette for at utrykkingskøyretøy kan passera, presiserer han.

Her, i Almenningsbakken på rv. 15 i Kinn kommune, skal Statens vegvesen no sikra vegen mot steinsprang. Foto: Statens vegvesen
Her, i Almenningsbakken på rv. 15 i Kinn kommune, skal Statens vegvesen no sikra vegen mot steinsprang. Foto: Statens vegvesen

Vegvesenet legg opp til opning med gjennomkøyring frå aust klokka 02.00, og frå vest klokka 02.15. Vidare kan vegen verta stengd i inntil 15 minutt utanfor desse tidspunkta.

Arbeidstidene er kvar natt frå måndag til laurdag. Det blir fri ferdsel natt til sundag og måndag.

Prosjektet er i Kinn kommune (Vestland fylke), om lag ni kilometer aust for Måløy sentrum. Sluttfrist er 3. oktober, og jobben blir gjort av Nordisk Fjellsikring AS.

Her, i Almenningsbakken på rv. 15 i Kinn kommune, skal Statens vegvesen no sikra vegen mot steinsprang. Foto: Statens vegvesen
Her, i Almenningsbakken på rv. 15 i Kinn kommune, skal Statens vegvesen no sikra vegen mot steinsprang. Foto: Statens vegvesen
Aktuelt for fylke(r): Vestland, Møre og Romsdal, Skjåk, Lom, Lesja