Måndag 10. juni startar Statens vegvesen vedlikehaldsarbeid ved rv. 9 Storstraumen bru i Bygland kommune. Arbeidet held fram til torsdag same veke.

Årsaka til at Statens vegvesen stengjer riksvegen er at det har oppstått setningar i vegbane ved brua. Arbeidet startar måndag kl. 07.00.

Bilete av rv. 9 Storstraumen bru. Førstkommande måndag kl. 07.00 startar vedlikehaldarbeid av brua. Riksvegen blir stengd medan arbeidd går føre seg og det blir skilta omkøyring.
Førstkommande måndag kl. 07.00 startar vedlikehaldsarbeid av rv. 9 Storstraumen bru. Riksvegen blir stengd medan arbeidet går føre seg og det blir skilta omkøyring. Foto: Sigvald Rinden, Statens vegvesen

Prefabrikkerte avlastingsplater skal hindra framtidige setningar

– Entreprenøren vår har i forkant av dette arbeidet laget prefabrikkerte avlastingsplater. Desse platene skal gravast ned og hindra framtidige setningar, seier Sigvald Rinden, byggjeleiar i Statens vegvesen.

Når vegen blir stengd, skal entreprenøren grava opp på begge sider av brua før platene blir heiste på plass.

– Desse platene blir deretter støypte saman på staden. Betongen treng tid til å herda før han blir belasta. Deretter fyller me opp med massar før heile området til slutt blir asfaltert, fortel Rinden.

Vis omsyn langs omkøyringsvegen

Medan Storstraumen bru blir stengd, blir det skilta omkøyring. For vanlege bilar blir det omkøyring via fylkesveg 3804 Åraksvegen på austsida av fjorden, mens for tungtransport blir det omkøyring via fv. 3778 langs vestsida av Byglandsfjorden. For tungtransport blir det noko venting sidan det blir brukt ledebil.

– Me i Statens vegvesen oppmodar alle trafikantar til å vera tolmodige, vise omsyn til andre trafikantar og følgja skilting og ledebilen, fortel Sigvald Rinden.

Arbeidet varer fram til og med torsdag 13. juni.

Rv. 9 Storstraumen bru i Bygland kommune blir stengd når vedlikeholdsarbeidet startar. Det blir skilta omkøyring via fv. 3804 for vanlege bilar og fv. 3778 for tungtransport. Foto: Statens vegvesen
Aktuelt for fylke(r): Agder