Forarbeida starta i mai. No er det klart for å etablera nytt slitelag i vei og på fortau og gang- og sykkelstiar på strekninga Shell Røldal-Liamyrane.

Sist veke vart veibanen frest og klargjort for asfaltering, saman med sluttføringa av forarbeidet før asfaltering på fortau/gang/sykkelstier

Asfaltarbeidet vil føregå heile veke 37 (neste veke) , frå mandag morgon til torsdag ettermiddag/kveld, og kanskje deler av veke 38.

Etter at asfaltarbeidet er ferdig, skal det etablerast fresespor for vegoppmerking, før den avsluttande vegoppmerkinga finn stad.

Arbeidet er på E134 i dette området. Kart: Statens vegvesen Foto: Kart: Statens vegvesen

– Respekter trafikkdirigeringa

Det vil vera manuell trafikkdirigering mens arbeidet pågår. Statens vegvesen ber trafikantane på det sterkaste om å respektera dette.

– Vi har forståing for at venting kan oppfattast krevjande for trafikantene, men oppmodar trafikantane om å hugsa på at trafikkdirigering er del av noko som er uendeleg mykje større enn ein sjølv og eins eige utolmod der og då. Det handlar om trafikktryggleiken for oss alle, både trafikantane og dei som jobbar på og langs vegen for at han skal vera sikker og framkomeleg ikkje berre i dag, men også i morgon. Og det er nettopp derfor vi gjer vedlikehald som dette, som ein del av vårt samfunnsoppdrag, seier prosjektleiar Bjørn I Andersen i Statens vegvesen.

Asfaltarbeida er avhengige av at det blir fint vér.

Aktuelt for fylke(r): Vestland