Vegarbeid i Bøyadalen på rv. 5
Statens vegvesen skal byta ei stikkrenne på rv. 5 i Bøyadalen frå 30. september til 4. oktober.
På dagtid vil det bli lysregulering og/eller manuell trafikkdirigering. Ventetida kan bli inntil 15 minutt.
Det blir éi natt med stenging av vegen. Dette er måndag 30. september klokka 22.45 til tysdag 1. oktober klokka 05.45.
Ei stikkrenne er eit rør som leiar vatn under vegen.
– Å skifta ei stikkrenne er ein del av det kontinuerlege arbeidet Statens vegvesen gjer for å syta for at riks- og europavegane er klare for å ta imot både dagens og morgondagens trafikk. Å ha fungerande stikkrenner er viktig for å unngå oversvømming av vegen, noko som er ein del av dette samfunnsoppdraget, seier byggjeleiar Geir Ove Engebø i Statens vegvesen.
Statens vegvesen ber trafikantane på det sterkaste om å respektera trafikkdirigeringa.
– Vi har forståing for at venting kan vera frustrerande. Men hugs då på at dette er ein del av noko som er uendeleg mykje større enn ein sjølv og eins eige utolmod der og då. Det handlar om trafikktryggleiken for oss alle, både trafikantene og dei som jobbar på og langs vegen for at han skal vera sikker og framkomeleg ikkje berre i dag, men også i morgon. Og det er nettopp det drift og vedlikehald av vegnettet handlar om, avsluttar Engebø.