Meteorologisk institutt og NVE har sendt ut raude farevarsel for ekstremt mykje regn og stor fare for jord- og flaumskred, for store område i Sør-Noreg.

Varsla gjeld frå natt til torsdag og eitt døgn framover.

Det er venta mykje regn på indre strøk av kysten, frå Stavanger i sør til Trondheim i nord, og også lengst nord og vest på Austlandet. Den kraftigaste nedbøren er venta i midtre og indre strok av Vestland fylke, med stadvis opp mot 120-180 mm nedbør på eitt døgn.

Det er også stor fare for jord- og flaumskred i varslingsområdet. Slike skredhendingar kan få store konsekvensar, også for framkomst på vegane. Vegar kan bli stengde på kort varsel, og det kan medføre betydeleg fare å ferdast på vegane medan flaum- og skredsituasjonen pågår.

Alle vert råda til å halde seg oppdatert om utviklinga av veret, og skred- og flaumsituasjonen. Følg med på trafikkmeldingar på www.vegvesen.no/trafikk for det området der du er, og vurder om du faktisk må ut og køyre eller om reisa kan utsettast.