Raudt farevarsel for flaum og skredfare, vegar kan bli stengde på kort varsel
Meteorologisk institutt og NVE har sendt ut raude farevarsel for ekstremt mykje regn og stor fare for jord- og flaumskred, for store område i Sør-Noreg.
Varsla gjeld frå natt til torsdag og eitt døgn framover.
Det er venta mykje regn på indre strøk av kysten, frå Stavanger i sør til Trondheim i nord, og også lengst nord og vest på Austlandet. Den kraftigaste nedbøren er venta i midtre og indre strok av Vestland fylke, med stadvis opp mot 120-180 mm nedbør på eitt døgn.
Det er også stor fare for jord- og flaumskred i varslingsområdet. Slike skredhendingar kan få store konsekvensar, også for framkomst på vegane. Vegar kan bli stengde på kort varsel, og det kan medføre betydeleg fare å ferdast på vegane medan flaum- og skredsituasjonen pågår.
Alle vert råda til å halde seg oppdatert om utviklinga av veret, og skred- og flaumsituasjonen. Følg med på trafikkmeldingar på www.vegvesen.no/trafikk for det området der du er, og vurder om du faktisk må ut og køyre eller om reisa kan utsettast.