Statens vegvesen skal leggja ei ny bru over dagens E134 Klevastaul bru, vest for Vinje. E134 blir derfor stengd frå kl. 07 til 18 laurdag 19. oktober.

Bakgrunnen for denne avgjerda er at Statens vegvesen har oppdaga skadar på landkaret på Klevastaul bru.

Tryggleiken går føre

– For oss er tryggleiken viktigast. Derfor tek me ingen sjansar og monterer ei mellombels bru over dagens bru. Dette blir eit mellombels tiltak fram til ei permanent løysing er på plass, forklarer Halvor Kåsa, bruforvaltar i Statens vegvesen.

Montering av den mellombelse brua skjer førstkommande laurdag. E134 blir derfor stengd medan dette arbeidet går føre seg.

– Me startar arbeidet kl. 07.00 denne laurdagen, og arbeidet er planlagt å vara fram til kl. 18. Medan E134 er stengd, blir det skilta omkøyring via fv. 37 og fv. 362 mellom Åmot og Edland, seier Kåsa.

Omkøyringsvegen er ikkje tillaten for modulvogntog.

Beredskapsbru sikrar E134-trafikken

Kor lenge den mellombelse brua blir liggjande over E134 er førebels usikkert.

– Det er for tidleg å seia noko om. Men så lenge me har denne brua liggjande, kan E134-trafikken gå som normalt, fortel bruforvaltaren.

Den mellombelse brua er henta frå Statens vegvesen sitt lager med beredskapsbruer.

E134 Klevastaul bru, vest for Vinje blir stengt frå kl. 07 til 18 førstkommande laurdag. Medan E134 er stengd, blir det skilta omkøyring via fv. 37 og fv. 362 mellom Åmot og Edland. Illustrasjon: Statens vegvesen
Aktuelt for fylke(r): Telemark