Statens vegvesen er i gang med eit vedlikehaldsløft på bruer i Bokn.

– Først ut er Boknasundbrua. Der har vi starta rigginga til arbeidet med å byte fuger. Dette er eit prosjekt som startar 28. oktober, og etter planen skal vere ferdig fredag 13. desember, seier byggeleiar Birgit Marie Teien Bryne i Statens vegvesen.

E39 Boknasundbrua. Foto: Trond Ingve Mølstre, Statens vegvesen Foto: Trond Ingve Mølstre, Statens vegvesen

Dette blir konsekvensane for trafikantane undervegs

Arbeidet startar klokken 07.00 om morgonen, og vi må stenge eit køyrefelt om gongen medan arbeida pågår.

Dette av omsyn til tryggleiken for arbeidarane, og for at jobben skal kunne gjerast forsvarleg til beste for trafikantane, legg ho til.

På dagtid vil det vere manuell dirigering. Viss det blir nødvendig med nattarbeid, blir det lysregulering.

Det er lagt inn avgrensningar på lydnivå i samband med jobben. Av omsyn til naboar skal dei mest støyande delane av arbeidet føregå på dagtid.

E39 Boknasundbrua. Foto: Trond Ingve Mølstre, Statens vegvesen
E39 Boknasundbrua. Foto: Trond Ingve Mølstre, Statens vegvesen

Dette er drift og vedlikehald

Fugebyte er eit ordinært vedlikehaldsarbeid, og det er ingen fare for bereevna til brua, understrekar byggeleiaren.

Statens vegvesen har ansvaret for drift og vedlikehald av 6.190 bruer og brukonstruksjonar over heile landet.

– Drift å er å halda vegen open i dag, vedlikehald er å sørge for at vi klarar det i morgon. Det å byte brufuger er ein del av dette, legg ho til.

E39 Boknasundbrua. Foto: Trond Ingve Mølstre, Statens vegvesen
E39 Boknasundbrua. Foto: Trond Ingve Mølstre, Statens vegvesen

Del av Vegvesenet sitt samfunnsoppdrag

Etter at jobben på Boknasundbrua er ferdig, flytter Statens vegvesen og entreprenør seg 3,7 kilometer lenger nord i Bokn og held fram med vedlikehaldsløftet på E39-bruene i kommunen.

Då er det fugene på på Ognasundbrua som skal bytast.

– Også dette er eit ordinært og på same tid nødvendig vedlikehaldsarbeid, og ein del av Statens vegvesen sitt samfunnsoppdrag med å halde E39 i Rogaland trygg og driftssikker for dei 5.800 køyretøya (av dette 870 lange køyretøy/tungtrafikk) som dagleg trafikkerer dette området, avsluttar byggeleiar Birgit Marie Teien Bryne i Statens vegvesen.

Arbeida på Ognasundbrua skal etter planen vere ferdige 31. januar.

Aktuelt for fylke(r): Rogaland, Vestland