Statens vegvesen oppfordrar trafikantene om å nytta vegvesen.no/trafikk og appen Vegvesen Trafikk.

Ekstremværet Jakob: Riksveg 13 Oddadalen i dag kl.05.00.
Riksveg 13 Oddadalen i dag kl.05.00. Foto: Kjetil Hildal, Statens vegvesen

 - Vi opplever stor pågang på telefon 175. Det er veldig mange vegar som er stengde, og det er mange mindre og større skadar på vegnettet. Vi har ikkje oversikt over alle skadar, men alt tilgjengeleg mannskap er ute og det blir gjort registeringar utover dagen. Geologar rykkjer ut med helikopter for å få gjort observasjonar oppe i terreng der det er aktuelt, og ved aktuelle stadar på veg.

Vi ber folk om å køyre forsiktig dersom de må ut på vegane, og sjekke trafikkinformasjon på nettsidene vegvesen.no/trafikk eller i appen Vegvesen trafikk, seier Svenn Finden, avdelingsdirektør i Statens vegvesen.

Ekstremværet #Jakob: Se hvilke veier som akkurat no er stengde, eller står i fare for å bli stengd (lista blir oppdatert automatisk).