Nasjonale gods- og turvognløyve går ut etter 1. januar 2025. Etter dette må alle som driv løyvepliktig gods- eller turvogntransport ha fellesskapsløyve

Det nye fellesskapsløyvet er blått, og kan nyttast til både nasjonal og internasjonal transport. Foto: Statens vegvesen

Statens vegvesen minner om at nasjonale gods- og turvognløyve (kvite med raud kant) berre er gyldige ut året. Frå 1. januar 2025 må alle som driv løyvepliktig gods- eller turvogntransport ha fellesskapsløyve.

Dersom føretak som driv løyvepliktig transport på norske vegar ikkje har gyldig felleskapsløyve etter 1.januar 2025, kan dei få eit gebyr på 60 000 kr om dei blir stoppa i kontroll. Om føretaket ikkje har med seg fellesskapsløyve, kan dei få eit gebyr på 6000 kr, seier May Britt Berge Solheim i Statens vegvesen

Vi oppmodar også alle løyvehavere som har fellesskapsløyve om å kontrollere utløpsdato på hovuddokument og attesterte kopiar i god tid før fristen. Utløpsdatoen på attestert kopi kan vere ulik utløpsdatoen på hovuddokumentet. Årsaka til dette er at føretaket har meldt nasjonale løyve tapt og fått utskrive fellesskapsløyve som erstatning.

Det nye fellesskapsløyvet er blått, og kan nyttast til både nasjonal og internasjonal transport.

Framleis mange som ikkje har søkt om fellesskapsløyve

Det er framleis 3600 føretak som har nasjonale gods- og turvognløyve. Desse må søkje om fellesskapsløyve om dei ønskjer å drive løyvepliktig transport etter nyttår.

- Alle føretak som har nasjonale gods- og turvognløyve skal ha fått to brev i Altinn om utløpsdato for løyve, og kva dei må gjere dersom føretaket ønskjer å drive med løyvepliktig transport etter nyttår. Ventar de for lenge med å søkje om å skifte ut nasjonale løyve til fellesskapsløyve, kan vi ikkje garantere at vi rekk å utskrive nye løyve før nyttår, seier Berge Solheim.

- Normal saksbehandlingstid er 2- 4 veker etter at vi har fått søknaden med alle attestar. For dei som endå ikkje har søkt om fellesskapsløyve, kan vi ikkje garantere at dei blir utskrivne innan nyttår, seier Berge Solheim.

Føretak som søkjar om å skifte ut nasjonale løyve til fellesskapsløyve må leggje ved følgjande dokumentasjon:

  • Vandelsattest for føretak, organisasjonsnummer.
  • Vandelsattest for dagleg leiar, transportleiar og styreleiar.
  • Attest for skatt og meirverdiavgift.


Attestane kan ikkje vere eldre enn tre månader.

Dersom føretaka skiftar nasjonale løyve til same talet på fellesskapsløyve, er det ikkje nødvendig å oppjustere garantien.

- Føretak som har eller skal avvikle den løyvepliktige drifta si, må kontakte garantisten sin. Garantien stansar ikkje når løyva stansar, avsluttar Berge Solheim.

Logg inn på Di side på Statens vegvesen for oversikt over føretaket ditt sine løyver med utløpsdato, og for å søkje om fellesskapsløyve no.