Nær 12600 mc-oppkøyringar i år
MC-sesongen er kort for alle. Oppkøyringssesongen i Statens vegvesen går frå mai t.o.m. september - med unntak av Rogaland og Vestland som runda av 31.10.
-Statens vegvesen gjennomfører oppkøyring og teoriprøver for å sikre at alle som skal ut og køyre på vegane våre har den nødvendige kompetansen og tryggleiken som krevst. Dette er eit viktig element i det kontinuerlege arbeidet vårt mot null drepne og hardt skadde på norske vegar.
-Totalt vart det gjennomført 12.587 mc-oppkøyringar i år, 80% av desse prøvane fekk eit bestått resultat. Til samanlikning var det 12.926 oppkøyringar i 2023. Forklaringa på denne nedgangen finn vi vesentleg i tala for oppkøyring i førarkortklasse A1(lett mc), her var det i år ein nedgang på 384 prøver frå året før. Totalt for alle klassar vil det seie ein nedgang på 334 oppkøyringar i inneverande år, seier Heidi-Kristin Herbst, avdelingsdirektør i Statens vegvesen.
År 2024 Bestått 2023 Bestått
Totalt for mc-klassane: 12.587 80 % 12.926 82 %
Kl. A1(lett mc m/minstealder 16 år) 5920 77 % 6304 79 %
Kl. A2(mellomtung mc m/minstealder18 år) 1523 80 % 1464 87 %
Kl.A(tung mc-m/minstealder 24år*) 5144 83 % 5188 85 %
(*Eller hatt kl.A2 i meir enn 2år)