Fleire døgnkvile- og rasteplassar med lademoglegheiter skal gi føreseielege forhold for transportnæringa. Nye tunge køyretøy skal vere utsleppsfrie i 2030.

Det skal bli betre for alle sjåførar, med døgnkvile på tilrettelagde plassar over natt og ved pause. Her på en rasteplass ved E39 på Stord. Foto: Bård Asle Nordbø | Statens vegvesen

– Det skal bli betre for alle sjåførar, med døgnkvile på tilrettelagde plassar over natt og ved pause. I tillegg skal vi sørgje for lademoglegheiter til elektriske tunge køyretøy, seier sjefsingeniør Stein Brembu i Statens vegvesen, Transport og samfunn.

Føreseielege forhold for lading er avgjerande for å nå målet om utsleppsfrie tungbilar. Elektrifisering av tungbilparken er eit av dei viktigaste tiltaka til regjeringa for å kutte klimagassutslepp og er omtalt som «tungbilpakken» i Nasjonal transportplan (NTP) 2025-2036.

Målet er minst 80 døgnkvileplassar langs riksvegnettet i 2030

No har Statens vegvesen laga eit samla plangrunnlag for døgnhvile-, raste- og ladeplassar, som skal bidra i arbeidet med å oppfylle tungbilpakken til regjeringa i NTP 2025-36.

– Her beskriv vi dagens situasjon og behovet som skal dekkjast for heile riksvegnettet, med utgangspunkt i krav i EU-regulativ og nasjonale målsetjingar.

Statens vegvesen prioriterer døgnkvileplassar, riksvegar som inngå i det europeiske hovudvegnettet TEN-T (Trans-European Transport Network) og strekningar med mykje tungtrafikk. Målet er at det skal vere minst 80 døgnkvileplassar langs riksvegnettet i 2030, fortel Stein Brembu.

Mykje skal byggjast på kort tid

– Det er mykje som skal byggjast på kort tid. Det er behov for 30 nye døgnkvileplassar i tillegg til dei 50 vi har frå før. I tillegg er det behov for fleire nye hovudrasteplassar og oppgradering av eksisterande hovudrasteplassar, seier seniorrådgivar Jørn Simonsen i Statens vegvesen, Drift og vedlikehald.

– Ladetilbod må etablerast på areal som er eigna for pause og kvile, sidan det tek tid å lade. Vi tilrår minst 4 ladepunkt på døgnkvileplassane med minst 100kW effekt.

3,7 milliardar til tungbilpakken i NTP

Regjeringa prioriterer til saman 3,7 mrd. kr til ein tungbilpakke innanfor Statens vegvesens ansvarsområde i Nasjonal transportplan 2025-36.

1,7 mrd. kr er foreslått til investering i døgnkvileplassar og rasteplassar med tungbillading og ladeplassar i perioden 2025-2030. Til auka utgifter for drift er det for perioden 2025-2036 foreslått 2,0 mrd. kr.

Kontaktpersoner

Stein Brembu
Statens vegvesen, Transport og samfunn
Tel: 480 39 306

Jørn Steinar Simonsen
Statens vegvesen, Drift og vedlikehold
Tel: 478 67 530