Erdal bru på rv.7 i Eidfjord har fått store skadar av flaumen, og rv.7 er stengd.

Statens vegvesen, inkludert den nasjonale bruberedskapen, er ute og sjekkar skadane for å kunne opne vegen igjen så raskt som mogleg. E16 i Lærdal opnar att kl.15 i ettermiddag.

Erdal bru
Skadane på Erdal bru blir vurdert som så store at vegen ikkje kan opne før over helga. Foto: Steinar Kvittingen Fresvik, Statens vegvesen

Skadane på Erdal bru vert vurdert som så store at vegen ikkje kan opne før over helga.

- Fokuset vårt er på tryggleiken til trafikantane, og å på få opna vegen raskast mogleg, seier Svenn Finden, avdelingsdirektør i Statens vegvesen. Me er ute og gjer vurderingar av om det er trong for erstatningsbru og andre aktuelle tiltak for å så raskt som mogleg kunne opne vegen.

Ny vurdering vert gjort måndag 4. november klokka 12.00

Alternative ruter: E134 eller E39 nå - E16 opnar kl.15

Per no er det difor berre E134 mellom aust og vest som er open. Skal ein vidare til Bergen må ein ta E39 langs kysten. 

E16 er stengt no, men vil opna for trafikk att fredag kl.15.

Jobbar med å få oversikt over skadeomfang

Statens vegvesen jobbar med å få oversikt over skadane på vegnettet i store delar av Vestland fylke. Det er mykje mannskap ute, inkludert geologar som gjer synfaringar for å vurdera skadar og vidare fare.

Få trafikkmeldingar direkte på telefonen med appen Vegvesen trafikk

Du kan enkelt få trafikkmeldingar direkte på telefonen din med det same dei er publisert, ved å lasta ned appen Vegvesen trafikk og setja på varsel for ditt område eller strekninga di.

–  Me tilrår alle som treng oppdatert informasjon om stengde vegar i sitt område til å lasta ned appen Vegvesen trafikk, og setja på varsel for aktuelt område eller strekning, sier Finden. Då kjem det automatisk varsel på telefonen straks det blir lagt ut melding om at ein veg vert stengt eller opna, eller om det er fare for stengd veg, innanfor det aktuelle området. Då er du alltid oppdatert.

Slik lastar du ned appen og set på varslingar:

  • Last ned appen Vegvesen trafikk frå App Store eller Google play.
  • Opne appen.
  • Vel boksen «Set opp varsel» på framsida.
  • Vel om du vil ha varsel om ei rute eller eit område (eller ein konkret fjellovergang, bru eller tunnel), og følg vidare instruksjonar.
  • Viss du vel varsel for eit område får du opp eit kart. Zoom til rett stad, vel teikneverktøyet og bruk fingeren til å definera området du vil ha varslar for. Lagre området og sørg for at varsling er på.