Artikkelen er fra 2019, og innholdet kan være utdatert.

Fv. 650 blir stengd mellom Liabygda i Stranda kommune og Linge i Norddal kommune tysdag 23. april frå kl. 20.00-22.00.

Statens vegvesen og brann- og redningstenesta skal øve på brann i tunnel. Publikum vil kunne sjå røyk i området og frå begge sider av tunnelane på strekninga under øvinga.

- Det skjer færre ulykker i tunnelar enn på vegane, men ulykkene i tunnelar blir ofte meir alvorlege. Brann og ulykker inne i tunnelar er ei stor utfordring for naudetatane og difor veldig viktig å øve på, fortel brannvernleiar Olav Amund Myklebust i Statens vegvesen.

Krav om øving

Tunnelar over 500 meter er definerte som særskilte brannobjekt etter forskrift om brannforebygging. Det er difor eit krav at kvar tunnel skal ha ei eigen plan for beredskap i tunnelen og at det skal være jamlege øvingar med naudetatane. Brann og redningstenesta i Norddal og Stordal deltek i øvinga, saman med Statens vegvesen sin vegtrafikksentral.

Varsling, kommunikasjon mellom alle aktørane, bruk av sikkerheitsutstyr og planverk og bruk av ei mobil tunnelvifte vil vere viktige moment i øvinga. 

Viktig for tryggleiken

- Det er viktig for tryggleiken både for dei som køyrer i tunnelen og for dei som skal gjere ein innsats om ulykka har skjedd at det blir øvd i tunnelane våre. Difor håpar vi at trafikantane har tolmod med oss i den tida vi må stenge vegen for å øve og planlegg køyreturen etter det, seier Olav Amund Myklebust i Statens vegvesen.

Det finns ikkje omkøyring på strekninga. Trafikantane må difor vente til vegen opnar igjen.

Veit du kva du skal gjere om det skjer noko i tunnelen du køyrer i?

• Køyr aldri inn i ein tunnel som er stengd med raude lys eller bom.
• Om det skjer noko i tunnelen, bruk naudtelefonane og ikkje mobiltelefon. Operatørane på Statens vegvesen sin vegtrafikksentral vil sjå kva tunnel du ringer frå og nøyaktig kor i tunnelen du er. Det er viktig informasjon for å kunne hjelpe deg. Operatøren vil varsle naudetatane om hendinga krev det og gi deg råd om kva du skal gjere vidare.
• Vegtrafikksentralen blir også varsla om du losnar eit av brannslokkingsapparata i tunnelen. Dei får då informasjon om kor i tunnelen du er, og tunnelen blir automatisk stengd. 
• På alle naudstasjonar i tunnelen står det avstand til næraste opning på tunnelen.
• Vurder situasjonen. Køyr ut av tunnelen om det er mogleg. Følg alltid instruksjonane du får om køyreretning frå vegtrafikksentralen eller naudetatane.  
• Prøv å varsle møtande trafikk.

Brannøvelse i desember 2018
Bilete frå ei liknande brannøving i Nishammartunnelen i Sogn og Fjordane. Arkiv Foto: Silje Drevdal
Aktuelt for fylke(r): Møre og Romsdal