Artikkelen er fra 2019, og innholdet kan være utdatert.

Frå 2. september og gjennom heile veka skal kontrollørar frå Statens vegvesen sjekke korleis det står til med beltebruken i bussane på Vestlandet.

Frå måndag 2. september og gjennom heile veka skal kontrollørar frå Statens vegvesen sjekke korleis det står til med beltebruken i bussane som køyrer på Vestlandet.

-Det er i bussar der det er eit påbod om å bruke belte vi kjem til å kontrollera, seier Trine Villanger som er kampanjeansvarleg i Region vest.

Ungdom droppar belte

I spørjeundersøkinga gjort våren 2019 kommer det fram at det no er færre som seier at dei i stor grad brukar belte i buss. Talet visar 69 prosent i 2019 mot 73 prosent i fjor haust.

Undersøkinga viser og at ungdom tar oftare buss der det er belte montert.

-Diverre er dei ikkje så flinke på å bruke belte. I aldersgruppa 16-29 svarar no berre 49 prosent at dei i stor grad brukar belte i buss. I fjor haust svara 58 prosent det same. Halvparten i denne aldersgruppa meiner det er sosialt akseptert å ikkje bruke belte i buss, seier Villanger.

Framleis godt kjent

Påbodet om å bruke belte i buss er etterkvart blitt godt kjent. 86 prosent av dei spurde svarar at dei veit at dei må bruke belte der det er montert.

-Målet vårt er at alle som har moglegheit skal feste belte kvar gong. Vi veit at setebeltet reddar liv like mykje i buss som i bil. I bussen kan konsekvensane bli enormt store om det skjer ei ulukke og passasjerane ikkje sit sikra, seier Villanger.

Treffe busspassasjerar

Villanger seier at i tillegg til alle kontrollane dei skal gjere, vil dei også vere til stades på bussterminalar i mellom anna Bergen, Førde og Stavanger.

 -Forsking visar at kampanjar har effekt når vi gjer kontroll og informasjon i kombinasjon. Difor er det like viktig å treffe folk som brukar buss, og gjere dei medveten om kvifor det er så viktig å bruke belte også i buss. Som i fjor vil vi i år ta med oss elefanten som er eit verkemiddel når vi kommunisere ut bodskapen i kampanjen, seier Villanger.

Følg Bilbelteløftet på Facebook - https://www.facebook.com/bilbelteloftet
Se og last ned kampanjemateriell på www.vegvesen.no/belteibuss

Ta kontakt om det er ønskje å vere med på Statens vegvesen sine kontrollar langs vegen og aksjonar på bussterminalar på Vestlandet.

Kontaktperson:

Trine Villanger
Kampanjeansvarleg i Statens vegvesen, Region vest
Epost: Tlf: 992 60 149

Aktuelt for fylke(r): Vestland, Rogaland