Artikkelen er fra 2019, og innholdet kan være utdatert.

Nå skal 190 kontrollørar sjekke sjekke korleis det står til med beltebruken i bussane som køyrer på Vestlandet.

-Det er i bussar der det er eit påbod om å bruke belte vi kjem til å kontrollera, seier Trine Villanger som er kampanjeansvarleg i Region vest. 

Ungdom droppar belte

I spørjeundersøkinga gjort hausten 2018 kommer det fram at 7 av 10 brukar belte i stor grad. Det vil seie 73 prosent mot 74 prosent året før. Tal for våren 2018 viser at heile 90 prosent blant dei over 60 år bruker belte i stor grad, mens for dei mellom 15-29 år er talet berre 56 prosent. Undersøkinga viser og at ungdom tar oftare buss der det er belte montert. 

-Diverre ser vi at beltebruken går ned, og dei eldre er framleis flinkare enn ungdommar til å feste beltet i bussen. Årsakene kan være mange, men vårt mål er at alle som har moglegheit skal feste beltet kvar gong. Vi veit at setebeltet reddar liv like mykje i buss som i bil. I bussen kan konsekvensane bli enormt  store om det skjer ein ulukke og passasjerane sit usikra, seier Villanger. 

Godt kjent

Påbodet om å bruke belte i buss er etterkvart blitt godt kjent. Heile 90 prosent veit at dei må bruke belte der det er montert. Du brukar beltet for din eigen og andre sin sikkerheit. Riset bak spegelet er kontroll og gebyr. 

- Ikkje alle bussar har belte, men bruk det kvar gong du kan – det er rett og slett for enkelt til å la vere, seier ho.

Treffe busspassasjerar

Villanger seier at i tillegg til alle kontrollane dei skal gjere, vil dei også vere til stades på bussterminalar i Bergen og Stavanger. 

-Forsking visar at kampanjar har effekt når vi gjer kontroll og informasjon i kombinasjon. Difor er det like viktig å treffe folk som brukar buss, og gjere dei medveten om kvifor det er så viktig å bruke belte også i buss. Som i fjor vil vi i år ta med oss elefanten som er eit verkemiddel når vi kommunisere ut bodskapen i kampanjen, seier Villanger. 

Er det ønskje om å vere med på kontrollane på Vestlandet og på bussterminalar i Bergen og Stavanger?

­­Kontaktperson:

Trine Villanger
Kampanjeansvarleg i Statens vegvesen, Region vest
Epost:Tlf: 992 60 149

Aktuelt for fylke(r): Vestland, Rogaland