Artikkelen er over ett år gammel, og innholdet kan være utdatert.

Ein meir enn 100 år gamal og nesten 500 meter lang jernbanetunnel har fått nytt liv som ein viktig del av den nye sykkelstamvegen i Bergen.

Ingrid Dahl Hovland opna den nye Kronstadtunnelen, saman med byråd for klima, miljø og byutvikling i Bergen, Ingrid Nergaard Fjeldstad, og nestleiar i utval for samferdsel og mobilitet i Vestland fylkeskommune, Marthe Hammer (i bunad). (Foto: Thor Brødreskift)
Ingrid Dahl Hovland opna den nye Kronstadtunnelen, saman med byråd for klima, miljø og byutvikling i Bergen, Ingrid Nergaard Fjeldstad, og nestleiar i utval for samferdsel og mobilitet i Vestland fylkeskommune, Marthe Hammer (i bunad). (Foto: Thor Brødreskift)

Sykkelvegen gjennom Kronstadtunnelen skal leggje til rette for rask og effektiv reise inn til Bergen sentrum frå sør.
- Det er difor vi kallar den sykkelstamveg, og den ligg allereie inne i Nasjonal vegdatabank som E39 Sykkelveg, sa vegdirektør Ingrid Dahl Hovland då ho stod for opninga av tunnelen laurdag formiddag.
- Men like viktig som å vera sykkeltilbod for E39, vil sykkelstamvegen vera ein viktig del av sykkelnettverket i Bergen, slik kommunen sin sykkelstrategi legg opp til.

Det var godt med folk som var møtt fram for å ta del i sykkelvegopninga. Vegdirektøren fekk overlevert ein eigen bysykkel som det står Ingrid på, og som skal brukast på lik line med dei andre bysyklane i Bergen.

Viktig klimatiltak

Det er store forventningar til at dette skal bli en god snarveg for syklistane i Bergen. Vegen koplar saman sentrum og Møllendal/Fløen med viktige bustad- og næringsområde på Kronstad og Mindemyren, og gir eit godt og trafikksikkert tilbod til store deler av Bergensdalen og vidare sørover. Vegen koplar også Høgskulen på Vestlandet saman med studentbustadområde på Møllendal og Bergen sentrum og blir ein viktig snarveg for mange studentar. 
- Vegen vil bli eit viktig tiltak for å redusere biltrafikken og på den måte redusere klimagassutslepp og redusere lokal forureining. Det er avgjerande for at vi skal nå vårt felles mål om nullvekst i biltrafikken her i Bergen. Nullvekstmålet er sjølve fundamentet samarbeidet i Miljøløftet er tufta på, sa Ingrid Dahl Hovland i opningstalen sin.

Del av større sykkelvegnett

Tidlegare same dag var vegdirektøren også med på opninga av den tre kilometer lange Fyllingsdalstunnelen, verdas lengste tilrettelagte gang- og sykkeltunnel, gjennom fjellet Løvstakken. Fyllingsdalstunnelen er også rømningstunnel for den nye strekningen av Bybanen, som går i ein parallell tunnel. Både Bybanen og dei nye sykkelvegane er Miljøløftet-prosjekt. Målet er å skape nye og attraktive alternativ til bilbruk, i tråd med nullvekstmålet: At veksten i persontransport skal skje med kollektiv, sykkel og gange, ikkje med vekst i biltrafikken.

Der Fyllingsdalstunnelen kjem ut på Kristianborg møter den sykkelstamvegen frå Bergen sør. Sykkelstamvegen går vidare nedover Mindemyren til Kronstad og Kronstadtunnelen, og fortset til Bergen sentrum. Strekningen frå Fyllingsdalen til Festplassen er 7,8 kilometer, med ei sykkeltid på om lag 25 minutt. I alt er det bygd 11,8 kilometer med nye gang- og sykkelvegar i samband med bybaneprosjektet til Fyllingsdalen. 

VTS styrer tunnelane

Men slike anlegg kostar. Sykkelstamvegen frå Kristianborg til Bergen sentrum har kosta om lag 1,4 milliardar kroner og er finansiert 100 prosent med statlege gang- og sykkelvegmidlar. Kronstadtunnelen åleine har kosta om lag 400 millionar kroner. Prosjektet er planlagt og bygd av Vestland fylkeskommune ved Bybane Utbygging.

Vegtrafikksentralen i Statens vegvesen har kameraovervaking i tunnelane. I Kronstadtunnelen er det 28 kamera som sikrar god oversikt over det som skjer i tunnelen. Treng trafikantane hjelp er det SOS-knappar ein kan trykke på for å koma i kontakt med Vegtrafikksentralen.