Statsrådvegen bru var ei av dei 14 fagverkbruene i tre som vart stengd etter kollapsen til Tretten bru. Snart er ei alternativ og permanent løysing klar.

Brua går over E6 der ho knyter saman ein kommunal skogsveg ved Råholt i Eidsvoll kommune.

Prosjektleder Anders Sveen i Statens vegvesen på den innsprengte fjellhylla langs E6. Han har ledet arbeidet sammen med byggeleder Asgeir Skymoen. Foto: Statens vegvesen.
Prosjektleder Anders Sveen i Statens vegvesen på den innsprengte fjellhylla langs E6. Han har ledet arbeidet sammen med byggeleder Asgeir Skymoen. Foto: Statens vegvesen.

Kan ikkje forsterkast for biltrafikk

Spesialinspeksjonane og kontrollrekningane som Statens vegvesen gjorde saman med Aas-Jakobsen AS i fjor haust viste at brua hadde prosjekterings-/dimensjoneringsfeil.

Omfattande arbeid i etterkant har vist at brua ikkje lèt seg forsterke til ei forsvarleg bereevne for biltrafikk.

Bilete av Statsrådvegen bru sett frå E6.
Statsrådvegen bru vil framleis kunne brukast som turvegbru for gåande og syklande utan biltrafikk. Foto: Statens vegvesen.

Koster ein brøkdel av ny bru

– Vi har derfor etter å ha inngått avtalar med grunneigaren i området, valt å forlengje ein skogsbilveg som går parallelt med E6. Då kan vi nytte ei eksisterande kulvertkryssing under E6 ved Grevlingmyra. Dette blir den nye E6-kryssinga, som er viktig og nødvendig, ikkje minst for tømmertransporten, i eit område med mykje og aktiv skogsdrift. Økonomisk så vil denne løysinga koste ein brøkdel av å etablere ei ny overgangsbru over E6, seier seksjonssjef Gunnar Eiterjord i Statens vegvesen.

Krevjande sprengingsarbeidar

– Arbeidet med å forlengje skogsbilvegen langs E6 har omfatta krevjande sprenging og etablering av ny veg på ei innsprengd fjellhylle langs eksisterande E6-skjering. Dette gjer vi for å lage minst mogleg inngrep i terreng og natur. Det har vore krevjande sprengingsarbeid i eit terreng med mykje slepper i fjellet. Behovet for kontrollerte salver for å unngå å skade eksisterande E6 har vore svært viktig, understrekar Eiterjord.

Bilete av seksjonssjef Gunnar Eiterjord.
Seksjonssjef Gunnar Eiterjord. Foto: Statens vegvesen.

Takkar naboar og entreprenør

Sprengningsarbeidet har også teke strenge omsyn til dagens firfelts E6 med mykje trafikk, fortel Eiterjord.

– Vi takkar naboar i området som har vore tolmodige medan vi har sendt E6-trafikken på omkøyringsveg medan sprengingssalvene vart utført. Samtidig vil vi gi honnør til entreprenør Anlegg Aust Entreprenør AS for godt arbeid så langt med dette oppdraget. All sprenging og trafikkomlegging er utført på nattetid for å forstyrre trafikken på E6 minst mogleg.

Sprengingsarbeidet er no ferdig utført utan uhell.

I arbeidet med å etablere nye tømmeropplastingsslommer er det brukt utsprengt stein frå fjellskjeringane.
I arbeidet med å etablere nye tømmeropplastingsslommer er det brukt utsprengt stein frå fjellskjeringane.

Mål om å bli ferdig før utgangen av månaden

 – No står att komplettering av vegen før trafikk kan setjast på mot slutten av desember. I prosjektet inngår også opprusting av delar av eksisterande skogsbilveg inkludert etablering av nye tømmeropplastingsslommer. Til dette arbeidet er utsprengt stein frå fjellskjeringane nytta, noko som er gunstig både økonomisk og ikkje minst for å redusere klimagassutslepp ved massetransport, seier Eiterjord.

Brua blir turvegbru

Statsrådvegen bru vart opna i 2011 og har ei lengde på 44 meter. Den vil framleis kunne brukast som turvegbru for gåande og syklande utan biltrafikk.

– For slik bruk er brua heilt trygg, presiserer Eiterjord.

Du kan sjekke 175.no eller appen Vegvesen trafikk for å halde deg oppdatert om når den nye vegen opnar.

Status for arbeidet med oppfølginga av Tretten bru finn du her:

31.10.23: Status for arbeidet med oppfølginga av Tretten bru | Statens vegvesen