Mange bilar kan gje inntrykk av at dei kan køyre på eiga hand. Likevel er det framleis sjåføren bak rattet som har ansvaret for køyringa.

Bilprodusentane lanserer stadig nye førarstøttefunksjonar på bilane. Fartshaldaren har vorte adaptiv, slik at bilen tilpassar farten viss du tek igjen nokon som held lågare fart. Filassistenten bidreg til å halde bilen i rett køyrefelt – viss vegmerkinga er god nok. Vindaugspussarane og fjernlys slår seg på og av sjølv.

Stein-Helge Mundal
Stein-Helge Mundal, sjefingeniør i køyretøyavdelinga. Foto: Statens vegvesen

- Denne utviklinga gir oss mange moglegheiter, men kan på sikt også gi nye problemstillingar. Etter kvart som bilane kan gi føraren meir assistanse i køyringa, vert føraren passiv og kan etter kvart missa ferdigheiter, forklarar Stein-Helge Mundal, som arbeider med regelverk for godkjenning av køyretøy i Statens vegvesen.

- Internasjonale arbeidsgrupper i FN og EU jobbar med å utvikle tekniske krav til køyretøy og førarstøttesystem. I desse arbeidsgruppene jobbar representantar frå medlemslanda saman med bilindustrien, leverandørindustrien og ulike interesseorganisasjonar, seier han.

Statens vegvesen representerer Noreg i desse arbeidsgruppene.

Meir automatisering

- Dei 3 siste åra har bilindustrien vore oppteken av å få friare reglar for førarstøttesystem. Dette er system som støttar føraren i køyringa, men der føraren framleis har det fulle ansvaret. Bilindustrien ønskjer eit regelverk som opnar for stadig meir avanserte funksjonar som tek over meir av køyringa, men utan å ha ansvar sjølv, seier Mundal.

Årsaka til denne dreiinga er truleg at produsentane ikkje stoler heilt på sjølvkøyringsteknologien, eller at det blir for kostbart å utvikle eit system som kan ta over førarens oppgåver og ansvar på eit høgare automatiseringsnivå.

Strikking og kjøring
Trass i stadig meir avanserte førarstøttesystem så er ikkje dagens bilar sjølvkøyrande. Føraren har alltid ansvaret for køyringa, strikketøyet eller andre distraksjonar må vente. Illustrasjonsfoto: Stein-Helge Mundal

Sløve bilførarar

- Vi i Statens vegvesen er uroa for at bilførarane kan verte for sløve og etter kvart mistar evna til å ta kontrollen i kritiske situasjonar, når bilen i praksis nesten gjer det aller meste sjølv. For at føraren skal vere skjerpa, er det naudsynt at hen til ei viss grad er involvert i køyringa, seier Stein-Helge Mundal.

For å bøte på dette, vil det kome eit krav om at føraren vert overvaka av eit anna system, såkalla driver-monitoring-system. Systemet vil åtvare om at føraren i visse tilfelle må ta hendene til rattet eller rette blikket mot vegen.

- Denne teknologien er lite prøvd ut, og vi har lite erfaring med korleis det vil fungere. Vi trur også at alle dei ulike varslingane kan distrahere føraren, seier Mundal.

Difor er det risiko for at dei forventa fordelane frå stadig meir avanserte førarstøttesystem kan bli overskygde av negative effektar som kan føre til fleire ulukker. Det kan òg føre til at satsinga på dei verkeleg automatiserte køyretøya (automatiseringsnivå 3-5) blir bremsa, då førarstøttesystem er ei enklare løysing for produsentane som kan la føraren ta ansvaret.

Skeptiske

I dei internasjonale arbeidsgruppene i FN har Statens vegvesen vore skeptiske til å godta førarstøttesystem der føraren ikkje lenger må ha hendene på rattet.

- Vi har også foreslått at automatisk fartshaldar, filhaldar og filskifte ikkje skal kunne stillast inn på høgare hastigheit enn det som er fartsgrensa på staden. Så langt har vi ikkje fått støtte for dette frå nokon av dei andre landa, seier Mundal.

Nye reglar

Det er venta at nye reglar for utvida førarstøttesystem, såkalla «hands-free» køyring med ansvarleg førar,  vil vere klare i 2024.

- Vi er som alltid opptekne av trafikksikkerheit og følgjer utviklinga tett, seier Mundal.