To menn omkom i trafikken i Rogaland i oktober. Den eine i ei utforkøyringsulukke, den andre i ei møteulukke.

– Me såg dessverre ein auke i talet på dødsulukker på vegane i fjor etter fleire år med nedgang. Og i år har me fleire drepne ved utgangen av oktober enn på same tid i fjor, seier Hans Bjørnar Tunheim i Statens vegvesen.
Så langt i år har tolv menneske mista livet i trafikken i Rogaland, mot elleve på same tid i fjor og fem i 2021. Sju av dei forulukka har omkome i utforkøyringsulukker. I to av ulukkene omkom to personar i kvar ulukke. Den eine då ein bil med tre unge gutar sklei utfor vegen og hamna i vatnet. Den andre då to middelaldrande menn kolliderte front-mot-front i Byfjordtunnelen.

Nasjonalt fleire ulukker med fleire drepne

I år er det fleire ulukker enn vanleg med fleire forulukka i kvar ulukke, som gjer utslag på statistikken. Dette gjeld for heile landet.
– Kvifor me ser denne utviklinga, kan me ikkje seia noko om ennå. Det kan vera tilfeldig, men vil vera noko me ser på i analysen av årets dødsulukker, seier Tunheim.
Dei to gruppene som skil seg ut i år, med flest dødsulukker, er dei yngste sjåførane og aldersgruppa 45+.

Visjonen om null drepne i trafikken i 2050, som er fastsett i Nasjonal transportplan, ligg framleis fast for alle trafikktryggleiksaktørane. Eit viktig delmål er at me skal ha maksimalt 350 drepne og hardt skadde i 2030.

Det viktigaste me kan gjera for å førebygga trafikkulukker:

- halda fartsgrensa
- køyra rusfritt
- bruka bilbelte
- halda merksemda på vegen

Mange drepne i trafikken i oktober | Statens vegvesen

Aktuelt for fylke(r): Rogaland