Festdag då Filefjelltunnelen opna
Det var feststemning på Filefjell fredag, då ny tunnel opna og Kongevegen markerte tildeling av EU-pris.
Fredag 29. september kutta regionvegsjefane Helge Eidsnes og Per Morten Lund snora på Filefjelltunnelen. Rundt 250 personar var møtt fram til vegopninga, og rundt fem grader og kraftige vindkast la ingen dempar på den gode stemninga ved tunnelopninga tusen meter over havet.
- Eg er veldig stolt over vegen me kan opne i dag. Både med tanke på trafikksikkerheit, ein god og moderne vegstandard som tilfredsstillar dagens krav til utforming og at arbeidet er utført på ein utmerka måte over eit sårbart fjell-landskap, sa regionvegsjef Lund.
- Eg er heilt einig, det har blitt eit flott veganlegg, og Filefjelltunnelen vil spare både vegfarande og miljøet for mange utfordringar. I løpet av neste vinter skal heile Filefjellprosjektet inkludert Øye-Eidsbru vere fullført om alt går etter planen, sa Eidsnes til svar.
God planlegging
Prosjektleiar Odd Erik Haugen takka entreprenørane for god gjennomføring av vegprosjektet, og han retta også ein spesiell takk til dei som har utført planlegginga.
- Det har vore lagt ned eit veldig godt arbeid med planlegging i forkant, og no ser me resultatet. Eg føler me har lykkast veldig godt med korleis veglinja glir godt inn i terrenget, sa Haugen.
Tunnelopninga betyr at stigninga opp til Filefjell no går i tunnel frå begge sider, og det som frå før var Sør-Norges mest vintersikre fjellovergang vil no vere endå betre rusta til takle ekstreme vêrtilhøve. Uvêrslys langs fjellstrekninga i dagen gjer det også lettare for bilistane å finne fram i snøfokk og dårleg sikt.
Etter snorklypping vart den nye tunnelen innvia med ein storslått vetranbilkortesje, der rundt 40 historiske køyretøy frå Lærdal og Valdres deltok.
Vintersikker fjellovergang
- I dag markerer me den gamle Kongevegen over Filefjell, men også E16 som er vår tids kongeveg. No har me ein vintersikker fjellovergang som sikrar at me kjem fram 365 dagar i året – 24/7, sa ordførar Vidar Eltun i Vang.
Delstrekning Varpe Bru - Smedalsosen er 19,4 kilometer lang, og Filefjelltunnelen utgjer 5,8 kilometer av anlegget. Det er Hæhre entreprenør som har vore hovudentreprenør på strekninga, og Mesta Elektro gjorde elektroarbeidet. Lokreim Bygg har hatt entreprisen på støytiltak og rasteplassbygg.
EU sin kulturminnepris
På Kongevegen over Filefjell var det også feststemning fredag, først i Vindhellavegen i Lærdal på morgonen og i Kvamskleiva i Valdres etter tunnelopninga på Filefjell.
På Kongevegen deltok mellom anna EU sin ambassadør i Norge Thierry Bèchet og visedirektør i Europa Nostra Piet Jaspaert, assisterande vegdirektør Bjørne Grimsrud, ordførarar og fylkesordførarar frå begge sider av fjellet.
Ein plakett som bevis på at den historiske vegen har motteke EU sin kulturminnepris "Europa Nostra Awards 2017" vart avduka på kvar av dei to strekningane. Det var talar og folkemusikk med hardingfele og trekkspel i Vindhella. I Kvamskleiva var det mellom anna korsong, opning av ein historisk bru og skodespel undervegs på vandringa.
- Dette er eit heilt unikt prosjekt. Me takkar alle som har stått saman for å sikre vår og alle sin kulturelle arv med denne historiske vegen. Lenge leve kongevegen, sa Piet Jaspert frå Europa Nostra.
-
Bilde 1 av 19: Prosjektleiar Odd Erik Haugen i vegvesenet takka Trond Simensrud frå Hæhre Entreprenør og Oddmund Lefdal i Mesta Elektro for eit godt gjennomført arbeid. Foto: Ole Kristian Åset Foto: Ole Kristian Åset -
Bilde 2 av 19: Assisterande vegdirektør Bjørne Grimsrud avduka plakett saman med visedirektør i Europa Nostra Piet Jaspaert. Frå venstre: EU sin ambassadør i Norge Thierry Bèchet, fylkesordførar Jenny Følling, Bjørne Grimsrud, Piet Jaspaert, ordførar Vidar Eltun, fylkesordførar Even Aleksander Hagen og prosjektleiar Jan Adriansen på Kongevegen over Filefjell. Foto: Ole Kristian Åset Foto: Ole Kristian Åset -
Bilde 3 av 19: Slik ser plaketten til Europa Nostra Award ut. Foto: Ole Kristian Åset Foto: Ole Kristian Åset -
Bilde 4 av 19: I 2014 fekk kongevegen Vakre vegers pris, og i år er det EU sin kulturminnepris. Foto: Silje Drevdal Foto: Silje Drevdal -
Bilde 5 av 19: Vandring opp Vindhellavegen i Lærdal, ein av strekningane på Kongevegen over Filefjell. Foto: Silje Drevdal Foto: Silje Drevdal -
Bilde 6 av 19: Kongevegen er eit utruleg byggverk, bygd med handmakt. Foto: Silje Drevdal Foto: Silje Drevdal -
Bilde 7 av 19: Men også ganske bratt å gå i nokre parti i Vindhella. Foto: Silje Drevdal Foto: Silje Drevdal -
Bilde 8 av 19: Vindhellavegen ender ved Borgund stavkyrkje. Foto: Silje Drevdal Foto: Silje Drevdal -
Bilde 9 av 19: Snorklypping på Filefjelltunnelen. Frå venstre: Lærdalsordførar Jan Geir Solheim, regionvegsjef Helge Eidsnes, regionvegsjef Per Morten Lund, vangordførar Vidar Eltun og teknisk byggjeleiar tunnel Sverre Kjos-Wenjum. Foto: Ole Kristian Åset Foto: Ole Kristian Åset -
Bilde 10 av 19: Rundt 250 personar møtte opp til vegopning på toppen av Filefjell. Foto Silje Drevdal Foto: Silje Drevdal -
Bilde 11 av 19: Mellom anna fylkesordførar og ordførar tok seg ein dans til eit av musikkinnslaga. Det hjalp nok godt for å halde varmen. Foto: Ole Kristian Åset Foto: Ole Kristian Åset -
Bilde 12 av 19: Korpsmusikantar frå Lærdal og Valdres samla krefter og spelte i tunnelmunningen. Foto: Silje Drevdal Foto: Silje Drevdal -
Bilde 13 av 19: Folk fekk mykje god mat og kaker servert av Vang Fotballklubb. Foto: Ole Kristian Åset Foto: Ole Kristian Åset -
Bilde 14 av 19: Ein hundre år gamal Ford og ein flott Lamborghini var noko av det folk fekk sjå i bilkortesjen som var først gjennom tunnelen. Opp mot 40 veteranbilar frå Lærdal og Valdres satte ein flott spiss på opninga. Foto: Ole Kristian Åset Foto: Ole Kristian Åset -
Bilde 15 av 19: Region vest sin 1928-modell Citroën Six leda an i kortesjen. Bilen har tidlegare vore brøytebil på Filefjell og Hemsedalsfjellet. Foto: Silje Drevdal Foto: Silje Drevdal -
Bilde 16 av 19: Mange flotte køyretøy frå veteranbilklubbane i Valdres og Lærdal fekk vist seg fram. Foto: Silje Drevdal Foto: Silje Drevdal -
Bilde 17 av 19: Godt å kome inn i ein tørr tunnel! Foto: Silje Drevdal Foto: Silje Drevdal -
Bilde 18 av 19: Frå markeringa i Kvamskleiva i Valdres. Saubekken bru vart offisielt opna. Foto: Kjartan Hove Foto: Kjartan Hove -
Bilde 19 av 19: Markeringa fredag vart avslutta på Gamle Kvam gard, over Kvamskleiva. Foto: Kjartan Hove Foto: Kjartan Hove