Biologidag på Skilbrei
Elevar frå Hafstad vgs fekk vere med på biologisk kartlegging i Storelva på Skilbrei.
Tysdag 30. november var Biologi 1 ved Hafstad vgs på fagdag i Storelva på Skilbrei. Elevane fekk vere med to biologar frå Sweco i arbeidet deiras. Thomas Ruud og Max Waalberg er miljørådgjevarar, og dei har ansvar for kartlegging av miljøfaktorar i Storelva på Skilbrei, i samband med bygging av ny E39 frå Storehaug til Bruland.
![Personar ute i elv med vadebukser, søker etter bunndyr for biologisk kartlegging](/contentassets/2396c8080f2b45cb83a0aece4f1cd7f5/biologi-skilbrei-b.jpg?width=768&mode=crop)
Ved slike store prosjekt er det viktig at ein har oversikt over kva økologiske konsekvensar ei slik utbygging får, og kva tiltak ein kan gjere på plannivå for å unngå at viktige økosystem vert øydelagde. Elevane fekk vere med å kartlegge nokre nøkkelartar for miljørådgjevarane og fokuset denne dagen var på ørretyngel, botndyr, og elvemusling. Elvemusling er det lite truleg at finst i elva, men biologane var spente på resultat frå ørretyngel og botndyr, som kan sei noko om kva økologisk tilstand elva er i.
Elevane ved Hafstad vgs er flinke å kle på seg i vinterkulda, så det var imponerande innsats i 2,6 graders vatn og -5 graders lufttemperatur, men det var godt å komme inn og varme seg på Skilbrei Ungdomssenter. Her åt dei ein god lunsj, og fekk litt varm drikke medan miljørådgjevarane hadde føredrag.
![To skuleelevar kikkar nedi ein kasse med sand frå elva.](/contentassets/2396c8080f2b45cb83a0aece4f1cd7f5/prover-fra-skilbrei-b.jpg?width=768&mode=crop)
Thomas og Max hadde ein veldig fin presentasjon på korleis det er å vere rådgjevande biolog, kva utdanningsløp dei har tatt, kor viktig elvar og bekkar er for økosystema og kva tiltak ein kan gjere for å forbetre økologisk tilstand for bekkane.
Biologielevane frå Hafstad vgs vil fortsette samarbeidet med biologane, og dei skal vere med på feltarbeid når våren kjem.