Artikkelen er frå 2015, og innhaldet kan vere utdatert.

Statens vegvesen treng 50-60 medarbeidarar til gjennomføring av prosjektet E39 Svegatjørn–Rådal.

Entreprenørane reknar for tida på tilbod på dei to hovudentreprisane. Vegkontraktene blir mellom dei største i landet. Den sørlegaste delen av prosjektet, Svegatjørn–Fanavegen blir truleg den aller største vegkontrakten i Noreg til no.

18 tunnel-stuffar

Det er behov for ein stor byggherre-organisasjon til å styre prosjektet, følgje opp kvalitet og ikkje minst halde tilsyn med framdrifta. Heile 18 angrepspunkt for tunneldriving (eller stuffar, som det heiter i anleggsbransjen) skal gjennomførast. På det meste vil det vere arbeid i 12–15 tunnel-endar samstundes.

Det er kring 15 tilsette på E39 Svegatjørn–Rådal i dag. Statens vegvesen ventar at om lag like mange kjem i tillegg frå andre delar av etaten. Det kjem snart utlysing av 25 ledige jobbar i prosjektet. Den største gruppa er kontrollingeniørar, som skal halde oppsyn med tunneldrivinga. Nokre færre blir med på oppfølging av daganlegg, betongkonstruksjonar, tunnelinnreiing og HMS-arbeid. Det skal vidare tilsetjast fem tekniske byggjeleiarar på dei same fagområda, spesialistar på geometri og mengdekontroll, fagfolk på geoteknikk og ingeniørgeologi og kontraktspesialist, samt fagfolk på det ytre miljøet ved byggjeplassane.

- Målsettinga vår er å få eit godt lag med både nyutdanna og røynde fagfolk frå anleggsbransjen. Prosjektet gir store faglege utfordringar og vil gi gode vilkår for personleg utvikling, seier prosjektleiar Sverre Ottesen i Statens vegvesen.

Befaring i Endelausmarka på E39 Svegatjørn–Rådal
Ei mindre gruppe har vore tilsette på vegprosjektet E39 Svegatjørn– Rådal eitt års tid. Her frå ei synfaring i Endalausmarka. ( Foto: Geir Brekke
Aktuelt for fylke: Vestland