Tiltak 13 - E39 Halbrend skule–Hogane, gang- og sykkelveg
Det skal byggjast ny gang- og sykkelveg frå lengst oppe i Liavegen ned til Skjæret/Halbrendslia. I tiltaket inngår bygging av undergang under E39. Dette er ein viktig skuleveg til Halbrend skule, og gang- og sykkelvegen vil erstatte dagens plankryssing med lysregulering.
Prosjektet er førebels kostnadsrekna til 20 mill. kr. (2017), og bygginga vil truleg starte vinteren 2018/2019.
![Førdepakken, E39 Halbrend skule–Hogane](/globalassets/vegprosjekter/utbygging/fordepakken-sf/bilder/13-img-3715-e39-halbrend-skulehogane.png?width=768&mode=crop)