Tirsdag 14. mai startar ny fase i anleggsarbeidet med sykkelvegen frå Bradbenken til Glass Knag.

Frå Bontelabo til Rothaugtunnelen, og frå Sandvikstorget og nordover fram til Gjensidigekrysset, vil det framover bli endra køyremønster og nedsett framkome. Arbeidet som startar opp neste veke er førebuing til anleggsarbeid, flytting av busshaldeplassar og gangfelt og oppstart av gravearbeid. Gravearbeidet vil etter kvart føra med seg endra køyremønster med tidvis innsnevring til eit køyrefelt og lysregulering av trafikken.

I området frå Sandvikstorget og nordover fram til Gjensidigekrysset vil trafikken forskyvast noko mot sjøsida, og fortauet på østsida av vegen vil bli stengt på grunn av vegarbeidet. Arbeidet betyr og at enkelte vegar ved Skutevikstorget vil bli stengd. Dette gjelder Bøkkergaten og Nordre Skuteviksvei. Trafikantar som skal inn til eigedomane her må i stengingsperioden køyre via Nye Sandviksveien. Det vil vere ope for syklande og gåande.

– Vi har forståing for at dette kan skape utfordringar i kvardagen for dei som bur tettast på utbyggingsområdet. Arbeidet er for ein avgrensa tidsperiode, og vi takker for tolmod i byggeperioden, seier byggeleiar Bjørn Rusten Lundberg.

Når anleggsarbeidet kommer i gang, vil arbeidet i hovudsak føregå mellom 07:00 og 15:00 måndag til fredag. I forbindelse med etablering av anleggsområde vil det natt til tysdag 14. mai pågå kvelds- og nattarbeid frå klokka 20:00. Dette arbeidet vil mellom anna innebere skilting og sikringsarbeid. Nattarbeid og arbeid i helger vil bli varsla via SMS.

Bildet viser Sjøgaten i retning Bergen Kjøtt og Skutevikstorget.
Arbeidet skal mellom anna finne stad i Sjøgaten ved Bergen Kjøtt og Skutevikstorget. Foto: Statens vegvesen
Bildet viser vegen mellom Bergen Arkitekthøyskole og Gjensidigekrysset.
Bildet viser vegen mellom Bergen Arkitekthøyskole og Gjensidigekrysset, som og vil bli påverka av arbeidet. Foto: Statens vegvesen

Redusert framkome

Fylkesveg 577 på strekninga frå Bontelabo til Glass Knag vil vere open for trafikk i heile anleggsperioden, men trafikantar må pårekna redusert framkome i periodar, og noko lengre reisetid. Bussreisande vil merke at enkelte busstopp på strekningen vil bli flytta. Endringane vil bli varsla av Skyss via appen «Skyss reise» og med oppslag på busstoppa.

Om prosjektet

Statens vegvesen signerte i februar kontrakt med Vassbakk & Stol for bygging av sykkelstamveg på den drygt to kilometer lange strekninga. Dagens sykkelfelt vert bygd om til sykkelveg åtskild frå biltrafikken. Det har dei siste åra vore fleire trafikkulykker på strekninga, spesielt i det såkalla Gjensidigekrysset. Strekninga Bradbenken-Sandvikstorget skal stå ferdig sommaren 2025, mens den nordlegaste delen frå Sandvikstorget til Glass Knag skal vere ferdig sommaren 2026. Prosjektet er finansiert gjennom Miljøløftet.

Kontaktperson:

Bjørn Rusten Lundberg
Byggeleder Statens vegvesen
Mobil: +4797422488
E-post: bjorn.rusten.lundberg@vegvesen.no