Sømmevågen og Flyplassvegen på Facebook
I starten av desember starta vegarbeidet i Sømmevågen og på Flyplassvegen for fullt. Denne veka har prosjektet etablert seg på Facebook.
‒ Målet med sida er å informere. Vi håpar at Facebooksida kan bidra til at folk som blir berørte av vegarbeidet får sjansen til å følge med på, og vere førebudd på det som skjer framover, seier prosjektleiar Odd-Magnar Nerland.
Nerland legg til at saker og spørsmål som treng saksbehandling ikkje blir svart på via Facebook.
Prosjektsida på vegvesen.no kjem framleis til å bli oppdatert med nyheiter.
Her finn du Facebooksida for Sømmevågen og Flyplassvegen.
![Skjermdump av ny Facebookside](/globalassets/vegprosjekter/utbygging/transportkorridorvest/bilder/facebook.jpg?width=768&mode=crop)
Aktuelt for fylke(r):
Rogaland