Vellukka opningsarrangement i Kjøsnesfjorden
H.M. Kong Harald og to statsrådar var med og fekk oppleve vegopning i Kjøsnesfjorden 2. november. – Vi er godt nøgde med arrangementet, seier prosjektleiar Odd Erik Haugen. Han ynskjer å takke alle som har bidrege til at det vart ein minneverdig vegfest.
Prosjektleiaren ynskjer på vegne av Statens vegvesen å nytte høvet til å takke alle som har vore med og bidrege til at det vart eit vellukka opningsarrangement. Takk til samarbeidspartar og tilsette i Etaten som har bidrege både i planleggingsfasen og gjennomføringa. Og ikkje minst takk til artistar og dei som vart intervjua for at dei gjorde opningen til ein minneverdig vegfest.
Sjå bilder frå opningsfesten:
-
Bilde 1 av 12: Jølster musikklag spelte oppe på ein av rasvollane når publikum kom til opningsstaden. (Foto: Brit Jorunn Svanes, NRK Sogn og Fjordane Foto: Brit Jorunn Svanes, NRK Sogn og Fjordane -
Bilde 2 av 12: Synnøve Bjørset kom spelande ut frå tunnelen. (Foto: Liv Bulling) Foto: Liv Bulling -
Bilde 3 av 12: Programvert Finn Tokvam losa det heile trygt i hamn. (Foto: Liv Bulling) Foto: Liv Bulling -
Bilde 4 av 12: Det lokale Skeivasskoret bidrog mykje under vegfesten. (Foto: Liv Bulling) Foto: Liv Bulling -
Bilde 5 av 12: Prosjektleiar for Statens vegvesen, Odd Erik Haugen (i midten) og prosjektleiar for entreprenør Mika AS (t.h.) vart intervjua av programvert Finn Tokvam (t.v.) (Foto: Liv Bulling) Foto: Liv Bulling -
Bilde 6 av 12: Olav Stedje bidrog med musikalske innslag. (Foto: Liv Bulling) Foto: Liv Bulling -
Bilde 7 av 12: Jan Roger Klakegg (midten) og mora Anne Kvellestad Klakegg vart intervjua om sine opplevingar i Kjøsnesfjorden. Jan Roger mista begge beina etter at han vart teken av ras i 2003. (Foto: Liv Bulling) Foto: Liv Bulling -
Bilde 8 av 12: Intervju med Roald og David Himle (far og son) om deira oppleving i Kjøsnesfjorden. Dei var innesperra av ras 14. november 2004. (Foto: Liv Bulling) Foto: Liv Bulling -
Bilde 9 av 12: Christina Knudsen bidrog med musikalsk innslag. (Foto: Brit Jorunn Svanes, NRK Sogn og Fjordane) Foto: Brit Jorunn Svanes, NRK Sogn og Fjordane -
Bilde 10 av 12: Intervju med Olav Søgnesand (t.h), leiar av aksjonsgruppa for rassikring av rv. 5 i Kjøsnesfjorden. (Foto: Liv Bulling) Foto: Liv Bulling -
Bilde 11 av 12: Intervju med tidlegare samferdsleminister, noverande regional- og kommunalminister, Liv Signe Navarsete (t.h.) (Foto: Liv Bulling) Foto: Liv Bulling -
Bilde 12 av 12: Bjørn Nordberg frå Firda billag eskorterar vegdirektør Terje M. Gustavsen på veg til festlunsjen.
Aktuelt for fylke(r):
Vestland