Statens vegvesen skal i samarbeid med Vinje kommune utarbeide detaljreguleringsplan for E134 på strekninga frå Vestre Vesåsvegen–Verpet i Bøgrend.

Statens vegvesen planlegg utbetring av strekninga, og kommunen planlegg gang- og sykkelveg på same strekning.

Formålet med planarbeidet er å auke trafikktryggleiken og framkoma på den 2,7 km lange strekninga.

E134 skal utbetrast til 8,5 m vegbreidde. Det er naudsynt med omlegging av traséen enkelte plassar for å klare geometriske krav til ny veg. Gang- og sykkelvegen planleggast med 3,0 m breidde. Avstanden mellom vegen og gang- og sykkelvegen er i utgangspunktet 3,0 meter, men må tilpassast staden.

Last ned

Planprosess, framdrift og frist for innspel

Merknader til planarbeidet sendast skriftleg til Statens vegvesen innan 25.04.2025 anten på brev til:

Statens vegvesen, postboks 1010 Nordre Ål, 2605 Lillehammer eller på e-post til firmapost@vegvesen.no

Merk brevet eller e-posten med saksnr. 24/324888.

Når merknadsfristen er ute, vil Statens vegvesen gå gjennom merknader og innspel. Merknader og innspel vil ikkje bli svart ut direkte, men vil bli kommentert og vurdert i plandokumenta.

Statens vegvesen vil utarbeide eit planforslag. Planforslaget vil bli lagt ut til høyring og offentleg ettersyn, og det blir mogleg å komme med merknader og motsegn til forslaget før vidare politisk handsaming. Det er eit mål at planen blir vedteke i løpet av hausten 2025.

Ta gjerne kontakt

Eventuelle spørsmål til planarbeidet kan rettast til planleggingsleiar Turid Hagelia Korshavn, mobil 930 96 282, e-post: turid.hagelia.korshavn@vegvesen.no

Aktuelt for fylke(r): Telemark