Artikkelen er over ett år gammel, og innholdet kan være utdatert.

Forslag til reguleringsplan for E134 Ølen-Mørkeli vert lagt ut på offentleg høyring og ettersyn i perioden 13.11.2023-02.01.2024.

Statens vegvesen legg i samarbeid med Vindafjord kommune og Etne kommune ut forslag til reguleringsplan for E134 Ølen-Mørkeli til høyring og offentleg ettersyn i høve til Plan- og bygningslova § 12-10.

Reguleringsplanen vert handsama etter § 3-7 i Plan- og bygningslova. Det betyr at Statens vegvesen utarbeider og legg reguleringsplanen ut til offentleg ettersyn, medan Vindafjord kommune og Etne kommune slutthandsamar og vedtek planen.

Om planen

Reguleringsplanen skal danne grunnlaget for utbetring av denne 6 km lange strekninga av europavegen som går gjennom to kommunar – Vindafjord og Etne – og to fylker – Rogaland og Vestland. Plankart og føresegner er difor delt i to: E134 Ølen-Mørkeli og E134 Mørkeli-Fikse. Medan planskildringa og vedlegga til planen er felles for E134 Ølen-Mørkeli.

Planforslaget tilrår løysingar for utbetring av europavegen som vil auka trafikktryggleiken og framkomme (80 km/t) langs strekninga. I hovudsak vil utbetra E134 fylgje dagens veg med breiddeutviding langs sør- og austsida. Grunna uheldig kurvatur er det nokre få unntak frå dette, og omfanget er difor større enkelte stader. I tillegg til breiddeutviding og utbetring av grøfteprofilet langs hovudvegen, vil og fleire kryss og avkøyrslar få ny utforming som tilfredsstiller gjeldande krav. Planforslaget viser også stenging/omlegging av fleire avkøyrslar og utbetring av busshaldeplassar.

Last ned høyringsdokument

Inviterer til open kontordag

Statens vegvesen inviterer til open kontordag i høyringsperioden

Dato: Måndag 11. desember

Stad: Medvind-bygget i Ølensvåg

Klokkeslett: 12.00-18.00

Merknader

Statens vegvesen ber om at merknader til planforslaget merkast med «E134 Ølen -Mørkeli. 20/78882» og sendast skriftleg til Statens vegvesen innan 2. januar 2024 til:

  • Statens vegvesen, postboks 1010 Nordre Ål, 2605 Lillehammer, eller
  • E-post til
Aktuelt for fylke(r): Rogaland